fredag, mars 14, 2008

Spissøy og Nautøy rundt

Delar av den harde kjerne av Havstril pk tok sesongens fyrste padletak torsdag. Etter at regnet stoppa i sekstida, og sola braut igjennom i vest-nordvest, sette me oss i kajakkane våre.

Me kom oss sør til Spissen av Spissøy, der Erholmen og skjera rundt gav oss både bølgjer, brytingar og surf Frydefulle kvin og djup konsentrasjon var den respektive responsen frå dei tre padlarane.

Forholda heldt fram å vera krevande, og me tok difor inn sundet mellom Spissøy og Nautøy. Stadig var det sjøfugl å sjå, som silender og skarv. Me padla roleg forbi den gamle handelsstaden Bakkasund, rundt Kvaløy. Den vesle straumen er berre 20 centimeter djup, men det er godt nok for ein kajakk. Då me kom på nordsida observere me eit stort krigsskip i Krossfjorden, men det freista ikkje å ta opp kampen.

Dermed sette me farten attende til utganspunktet. Det vart ein kort tur, men likevel fin og variert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar