fredag, juli 06, 2007

Vasseidet Krossøy rundt



Det var seks padlarar som møtte opp denne flotte torsdagen. Me tok ein liten omveg for å kika på hytta til ein gamal kjenning, før me vende kajakkane mot Krosshamn. Vêret var upåklageleg, nesten for fint, ettersom dei einaste bølgjene me støytte på i løpet av turen kom frå eit breidt utval av Tide sine fartøy. Etter å kome oss inn i ei av dei idylliske vikane på Krossøy - den som har ei rekkje sjarmerande bygningar som ei rame, og slått av nokre ord med ein av sommariburane, sette me årene i sjøen med kurs for Ryarbåsen. Dn kjempefine vika på vestsida av Krossøy er vel verdt turen. Denne dagen var det jamvel ein familie som hadde funne vegen dertil i båten sin. Den lokale faunen viste seg òg i form av ein verifiserbar krabbe. Tidlegare på eskapaden meinte ein av oss å kunna sjå ei enorm kveite under kjølen sin. Me avslutta turen med å padla gjennom sundet mellom Skårøy og Krossøy og strake vegen mot Vasseidet.

1 kommentar:

  1. Nokon som har nytta klubbkajakkar i fellesferien? Skulle kanskje gjort som gamle Ulf og tatt med meg kajakken til Italia og padla rundt Elba naar eg foerst er her...

    SvarSlett