fredag, juni 08, 2007

Kjempetur rundt Horgo



Heile sju havstrilar møtte opp då me skulle venda kajakkbaugane våre mot Horgo. Etter nokre tak måtte me lura om Ole Bjarte A. var på veg. Det blenkte i noko borte ved Hundvåko-landet. Var det ei blåse eller var det ein kajakk? Nokre minutt seinare var me alle mann alle, komplettert med ivrig hundvåkar.

Me padla på sørsida av Bakholmen, og forbi Melingvågen. Alt i total stille. Berre ryggsøylene til ein liten flokk - eller kallast det stim? - med niser braut overflata. Me to oss forbi hytta til Tor Ø., som same kveld mottok kongens fortenestemedalje i gull, og vidare utover mot målet.

Like før me kom fram til Austrevågen, fann to av padlarane ut at nok var nok, og gjorde vendereis. På det tidspunktet kunne dei fremste av oss skimta skorsteinen på huset som kommunen eig, og BOF disponerer. Inne i den avskjerma vågen kunne me beundra sandbotn, medan den mest røykehundrige av oss fann ut at det var på tide med litt ekstra frisk luft. Andre peiste i seg med sjokolade eller nøtteturblanding for å retta litt på blodsukkertnivået.

Så tok me avgjerda om at me ville forsøkja oss på vestsida. Trass alt er det sjeldan vêret er såpass i godlaget. Rett på nordvestsida kunne me konstatera at dønningane runga inn i det steile berget. Refleksbølgjene førte til at ein beint måtte ha tunga rett i munnen og til og med jobba ein del med hoftene for å halda båten på rett kjøl.

Me kom oss inn i det trange sundet ved Horgekalven, og kunne beundra rullestein. Den lokale fuglefaunaen og ein liten encore med niser før me kom ut att i ekspondert farvatn. Det var moro med litt adrenalin etter å ha padla på det flataste av flatvatn i nesten to timar. Spesielt ved eit nesten firkanta skjer på sørvestsida bruat det kraftig. Dette merka me på innsida. Det var nok mindre enn 50 meter frå skjeret til land. Og det gjekk opp og det gjekk ned. Møkstrafjorden kan vera mektig sjølv på strålande finvêrsdagar.

Etter omlag 30 minutt med underhalding, runde me Horgetrynet og var på flatvatn att. Nokre av oss støtte nesten bokstaveleg tala på ærfuglungar, medan mange vaksne av arten dynefyll var å sjå. Me kom oss til slutt i land etter å ha padla 16,8 kilometer med ein snittfart i underkant av 6 kilometer i timen. Turleg ein av dei aller finaste og i alle høve mest varierande torsdagspadlingane me har hatt så langt!

Har De noko å kommentera frå turen eller padletips i området? Nytt linken under og kommenter!

Neste veke er det avgong frå Vestre Vinnesvåg. Ta gamlevegen ned i vågen. Meir informasjon kjem før torsdag!

1 kommentar:

  1. den beste torsdagspadlingen jeg har vært med på. føler jeg begynner å få dreisen på padleteknikken . en fantastisk tur. og ja, røyken var god den.
    camilla

    SvarSlett