Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
søndag, oktober 22, 2006
BT om Sotra Sea Kayak Race
Ingen austevollingar med, men sikkert ei frisk oppleving. Me tek Huftarøy Rundt neste år uansett! :-)
onsdag, oktober 18, 2006
Tur på sundag?
Om nokon har ønskje om å padla, gje ei melding om tid og stad. Gjerne per epost eller sms. Vêrmeldingane viser svak vind frå sør, skyer og ei og anna regnbyge.
mandag, oktober 16, 2006
Spar tusenlappar
Keen ny kajakk? Njord sel ut Current Design-båtar og anna utstyr i desse dagar. Du sparar ein god del tusenlappar ved kjøp. Sjekk ut denne linken.
søndag, oktober 15, 2006
Haukenespollen i haustskrud

Fire medlemmar troppa opp i ved Kolbeinshamn og heiv seg raskt i kajakkane. Geir, Margrethe, Liv Bente og Trond padla forbi Sauaneset, under brua ved Fiskarfagskulen og inn til Haukanespollen som var speglblank. Fint, fordi trea i nærleiken kunne studerast dobbelt med dei gule og raude blada sine. Etter kvart enda me opp eit steinkast frå Ordførarsvingen, før kursen vart staka heim att via Notaneset. Totalt padla me 11 kilometer i finevêret. Det var berre solskinet som mangla.
fredag, oktober 13, 2006
Sundag frå Kolbeinshamn
Møt opp klokka 10:30 for fellespadling frå Kolbeinshamn. Vêrmeldingane ser meir enn brukbare ut, og øyane utanfor Austre Storebøvik, såvel som Haukanespollen kan vera verdt eit par padletak.
onsdag, oktober 11, 2006
Gira på helgepadling igjen?
Fine Vêrmeldingar både laur- og sundag. Kva med ein tur med Rostøy som utgangspunkt? Ev. padla ut frå Kolbeinshamn på morgonkvisten? Legg gjerne att ein kommentar eller to i bloggen om du har idéar eller ynskjer.
Kajakkjøp i haust?
Sjekk ut tilbodssidene til Ut i naturen i Stavanger. Mange "nuggets". Bl.a. North Shore Buccaneer.
søndag, oktober 08, 2006
Fem i pollen
Fem kajakkpadlarar sette ut frå Kjempefaret klokka halv elleve sundag. Gjengen tok Småstraumen ut frå pollen, og padla innom Selvågen og tok den vesle straumen like ved inn igjen. Så gjekk turen til Åsmundspollen, så til Blåsterneset for å ta ein titt på naustbygging. Litt vind på vegen attende.(Foto: Arkiv, men alltid fint i Småstraumane).
fredag, oktober 06, 2006
Sundag frå Vassverket
Møt opp ved Kjempefaret (Austevoll vassverk) for ein liten sundagstur på Heimarkpollen. Oppmøte klokka 10:30.
onsdag, oktober 04, 2006
Sundagspadling og rullekurs
Når og kvar skal me padla i haust og vinter? Pollane er kanskje det sikraste valet, og vakrast når lauva på trea gulnar og dett av? Vasstemperaturen er jo på veg nedover, men er framleis ikkje avskrekkande. Send gjerne ein e-post eller SMS til Trond om du har tankar om når du vil padla.
Me forsøkjer å få til rullekurs i basseng i løpet av vinteren. Me kjem attende med meir info når me har ordna med instruktør og tidspunkt.
Me forsøkjer å få til rullekurs i basseng i løpet av vinteren. Me kjem attende med meir info når me har ordna med instruktør og tidspunkt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)