tirsdag, mars 06, 2007

Styremøtet 5. mars

Styret i padleklubben konstituerte seg i går. Trond Hagenes er attvald som leiar. Nestleiar er Nina Møgster, kasserar Liv Bente Storebø og styremedlem Rune Høgøy. For sistnemnde møtte varamann Nils-Ove Sørvik. Me hadde mange interessante saker oppe, og det vart mellom anna bestemt å forsera innkjøp av ein K2-til klubben (sjå foto). Me kjem òg med gode tilbod til ungdom som vil prøva padling. Me har endra Bømlo-turen frå 1. april til 15. april. Dette grunna at mange nyttar pinse- og påskehegene med ski på beina. Det vart og bestemt at første torsdagspadling vert 29. april, då har me justert klokka ein time. 18. mars satsar me på ein rask sundagstur i Heimarkpollen. Me er i ferd med å laga statuttar for lån av klubbkajakkar, og praktisk handtering sjølve låna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar