søndag, mars 18, 2007

Ikkje berre-berre

Fleire havstrilar fekk slita med å gjennomføra eskimorulla då me hadde trening på sundag med Torbjørn Nordeide som gjestande instruktør (som diverre var seinka fordi han gjekk av ferja på Austevollshella). Havstril-leiaren slit framleis med balansenerven i øyra, og måtte gje seg tidleg, medan ein og to andre også fekk smaka på kvalmen. Men unge Solbakken fekk i alle høve dreisen på sakene.

Dei som vil padla viss det vert fint vêr på torsdag kan møta opp på kaien på Heimark klokka 15:30. Eit par raske timar i staumane står på menyen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar