torsdag, oktober 26, 2006

Frå Rostøy på sundag

Med atterhald om vêret: Det vert fellespadling frå Rostøy frå klokka 12 på sundag. Meldingane er ganske divergerande, så heilt sikker på kvar turen går finn me ut når me møter opp. Rune er kontaktperson.

onsdag, oktober 25, 2006

Kurset går 12. november. Her er litt info:

Her litt om kva som er fordel å ha med seg i bassenget: Det kan vera ein fordel å ha med neoprendrakt eller ei rein, tynn tettsitjande regnjakka, og super ullundertøy for å hindra varmetap. Ei dykkarmaske/symjebriller/naseklype kan vera til hjelp for å få ”oversikten” under vatnet og redningsvest letta oppdrifta i byrjinga, men det er ikkje naudsynt å ha dette.

Kurset vert inndelt i ulike øvingar for å få ei gradvis tilvenning:
Oppvarming ved å symja 10 - 15 minuttar.
Trening i å bruka åra. (Ta med di eiga åre og kajakk, om du har.)
Krype ut av kajakken.
Trena på støttetak utan å velte over.
Trena på å liggja sidelengs i og flyta på åra.
Korleis åra skal vridast medan ein går djupare i vatnet.
Arbeida seg ut av vatnet med åra.
Ta heile prosessen i eit tak.
Velta, krypa ut av kajakken, legg åra til rette, krypa inn i kajakken og rulla opp att i eit.
Teknikkar når ein er åleine og må koma seg ombord ved hjelp av støttemidlar.
Demonstrasjon av ulike kameratredningar.
Nødpadling og måtar å berga seg på.
Klesval.
Oppsummering og evaluering.

mandag, oktober 23, 2006

Rullekurs i november

Einar Matre kjem til å halda rullekurs for oss i bassenget på Eidsbøen i løpet av seinhausten. Datoane som utkrystalliserer seg er laurdag 11. eller 18. november. Me kjem attende med stadfesting av tidspunkt og pris for kurset.

søndag, oktober 22, 2006

BT om Sotra Sea Kayak Race

Ingen austevollingar med, men sikkert ei frisk oppleving. Me tek Huftarøy Rundt neste år uansett! :-)

onsdag, oktober 18, 2006

Tur på sundag?

Om nokon har ønskje om å padla, gje ei melding om tid og stad. Gjerne per epost eller sms. Vêrmeldingane viser svak vind frå sør, skyer og ei og anna regnbyge.

mandag, oktober 16, 2006

Spar tusenlappar

Keen ny kajakk? Njord sel ut Current Design-båtar og anna utstyr i desse dagar. Du sparar ein god del tusenlappar ved kjøp. Sjekk ut denne linken.

søndag, oktober 15, 2006

Haukenespollen i haustskrud


Fire medlemmar troppa opp i ved Kolbeinshamn og heiv seg raskt i kajakkane. Geir, Margrethe, Liv Bente og Trond padla forbi Sauaneset, under brua ved Fiskarfagskulen og inn til Haukanespollen som var speglblank. Fint, fordi trea i nærleiken kunne studerast dobbelt med dei gule og raude blada sine. Etter kvart enda me opp eit steinkast frå Ordførarsvingen, før kursen vart staka heim att via Notaneset. Totalt padla me 11 kilometer i finevêret. Det var berre solskinet som mangla.

fredag, oktober 13, 2006

Sundag frå Kolbeinshamn

Møt opp klokka 10:30 for fellespadling frå Kolbeinshamn. Vêrmeldingane ser meir enn brukbare ut, og øyane utanfor Austre Storebøvik, såvel som Haukanespollen kan vera verdt eit par padletak.

onsdag, oktober 11, 2006

Gira på helgepadling igjen?

Fine Vêrmeldingar både laur- og sundag. Kva med ein tur med Rostøy som utgangspunkt? Ev. padla ut frå Kolbeinshamn på morgonkvisten? Legg gjerne att ein kommentar eller to i bloggen om du har idéar eller ynskjer.

Kajakkjøp i haust?

Sjekk ut tilbodssidene til Ut i naturen i Stavanger. Mange "nuggets". Bl.a. North Shore Buccaneer.

søndag, oktober 08, 2006

Fem i pollen

Fem kajakkpadlarar sette ut frå Kjempefaret klokka halv elleve sundag. Gjengen tok Småstraumen ut frå pollen, og padla innom Selvågen og tok den vesle straumen like ved inn igjen. Så gjekk turen til Åsmundspollen, så til Blåsterneset for å ta ein titt på naustbygging. Litt vind på vegen attende.

(Foto: Arkiv, men alltid fint i Småstraumane).

fredag, oktober 06, 2006

Sundag frå Vassverket

Møt opp ved Kjempefaret (Austevoll vassverk) for ein liten sundagstur på Heimarkpollen. Oppmøte klokka 10:30.

onsdag, oktober 04, 2006

Sundagspadling og rullekurs

Når og kvar skal me padla i haust og vinter? Pollane er kanskje det sikraste valet, og vakrast når lauva på trea gulnar og dett av? Vasstemperaturen er jo på veg nedover, men er framleis ikkje avskrekkande. Send gjerne ein e-post eller SMS til Trond om du har tankar om når du vil padla.

Me forsøkjer å få til rullekurs i basseng i løpet av vinteren. Me kjem attende med meir info når me har ordna med instruktør og tidspunkt.