![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjIA4TebVlPzI0H92Hpk0jbKEBWy5g0oBkejobdY5kdcgivyFLhTWboAK6fu_y6SqVeu0tnYCAErFukEhzfbW3iUDKYUJatApITbynmKfHFjRa-iPNoqdvWvfF3V0BmlrFqNorB0g/s400/straumane1.jpg)
Sesongens første torsdagspadling starta tidleg. Litt før klokka fire frå Heimark. Me leika oss stort sett i Småstraumane - som var veldig sterke i dag. Den nye Buccaneer-en fekk sjø under kjølen for første gong, men me hadde visse problem med roret, som me må sjekka opp i før han er klar for generelt medlemsbruk.
Turen på akkurat to timar var uansett kjempeflott - knallsol på ein varm ettervintersdag. Kva anna kan ein gjera enn å sei seg hjartans samd med Rune
"Detta e' livet!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar