tirsdag, september 28, 2010

Aktivietar torsdag

Sveholmen klokka 18:20. Turen går gjerne på nordsida av Hundvåkøy mot Navvågen, evnt på nordsida av Storekalsøy, då det er meldt ein del vind frå sør.
_____________________

Også denne veka vert det litt dugnad. Dei som har høve kan møta opp klokka 16. Ved spørsmål kontakt Rune Hevrøy på 908 57 425.
_____________________

Avdelingsbanksjef Ragnhild H. Bjånesøy i Sparebanken Vest vil før me padlar, dela ut pengar frp Visjon vest til Havstril padleklubb. Me set enormt stor pris på at den lokale sparebanken nok ein gong støttar arbeidet vårt!

fredag, september 24, 2010

Triveleg hausttur

Fire havstrilar koste seg i kveldstimane. Me padla over Kalsvika til Hillevika, der me bisna på eit gamalt naust/båtoppdrag. Flott tørrmurt. Me padla så inn i vika innanfor, der avdøde Hallvard Kalve meinte at vikingkongen Alrik hadde tilhald med mennene sine.

Fascinerande bergformasjonar og ein og annan kråkebolle å sjå.

Hugs lanterner og lys når de er ute og padlar seint på kveld denne årsida. Me hadde lys på tre av kajakkane våre.

onsdag, september 22, 2010

Torsdag: Dugnad pluss padling

Frå om lag kl 16 fyrstkomande torsdag vert det dugnad på Sveholmen. Rune Hevrøy og Yngve Ringdal er garantert der frå dette tidspunktet.

Padling i naturskjøne område frå kl 18:30 same stad. Det er sjølvsagt høve til å vera med på både/og :-)

mandag, september 20, 2010

Havstril på Facebook

Me er endå meir aktiv i nye media. Sjekk ut og bli med på Facebook-gruppa vår, der me sender ut medlingar i vilden sky til dei som er med i gruppa. Facebook er dermed med på å komplimentera blogg og heimeside.

torsdag, september 16, 2010

Bra framdrift i regnet

Rune Hevrøy (med vinkelsliparen), Yngve Ringdal (t.h) og Trond Hagenes var kveldens dugnadsgjeng på Sveholmen. Me fekk ordna fleire meter med kaien, og satsar på ny giv og endå fleire oppbretta erme neste veke.

tirsdag, september 14, 2010

Dugnad på torsdag

Me satsar på dugnad med vinkelslipar og sleggjer for å laga klar kaien og flytebryggja vår. Møt opp med oppbretta erme og pågangsmot klokka 18:30 torsdagskvelden. Padling fell bortm grunna haustlege vêrvarsel.

torsdag, september 09, 2010

Me har fått brygge!

Takk til Sjøtroll havbruk AS for denne byggja! Me treng ein del dugnad, flyttig av iler etc for å få henne operativ, men dette er ei særs turvande padlebryggja for oss!

Våttkort for blinde og svaksynte

Klara Hellesøy (t.v.) er ei av tre sterkt svaksynte som har teke våttkortet med Havstril pk i sommar. Alle i trioen som har teke våttkort har vore fulle av pågangsmot og klart brasene minst like godt som sjåande nybyrarar. Me gler oss storleg for å ha dei som medlemmar og for å vera lærerikt selskap på kurs. Her er Klara saman med assistent Katarzyna A. Vik, som har padlerøynsle frå heimlandet Polen og som medlem av Haugesund kajakklubb.

Invitasjon til padletur i oktober

Hallo padlevenner

Sundag 10. oktober inviterer Sunnhordland padleklubb til tur i Godøysundøyane på Tysnes. Det blir lagt opp to turalternativ, avhengig av vêret, men ta med gode og riktige klede for tur blir det uansett

Me møter ved badehuset på Godøysund (for dei som ikkje veit kvar det er, ring 90519237 for guiding) klokka halv ti, og padler i samla tropp derifra når alle er klare. Kvar og ein tek med det tilbehøret ein treng for og overleva denne dagen. Det blir lagt opp til grilling dersom det er vê r, men uansett så sit me under tak ved lunsjen så ein gassbrennar verkar også.

Skulle noko vera uklart, ta kontakt med Kenneth Fagerbakk anten pr tlf, mail eller facebooka..... Då gjenstår det berre og ynskje alle velkommen til ein fantastisk tur i Godøysund med historisk sus over seg! Det ville og vore fint om dei som ynskjer og vera med, gir ein lyd til meg om det.

Kenneth Fagerbakk
Vågsåsen 31
5680 Tysnes
Tlf: 90519237

Når me 100 medlemmar i 2010?

Det strøymer på med nye medlemmar i Havstril. Dermed er det kanskje ikkje urealistisk å tenkja seg ein medlemsmasse på magiske 100 eller meir ved årsskiftet. Per dato ligg me og vakar like under 90 medlemmar.

tirsdag, september 07, 2010

Sveholmen kl 18:30

Torsdag klokka 18:30 frå Sveholmen. Ansvarleg aktivitetsleiar er Yngve Drønen Ringdal.

mandag, september 06, 2010

Kajakkar til sals

Havstril padleklubb skal fornya flåten sin. Me sel derfor to stykk kanadiske kvalitetskajakkar i polythylen for 8 000,- per stykk.

1: Boreal Design Inukshuk m/ror (Oransje). Passar for menn/litt større padlarar.

2: Boreal Design Sedna m/ror (raud). Passar for litt mindre padlarar/kvinner.

Begge kajakkane er i god stand, og fungerer like godt for rein rekreasjonspadling som under røffe tilhøve "vestom". Les meir om kajakkane.


Kontakt Havstril padleklubb 988 74 253 (Trond) ved interesse, eller send mail mail.