søndag, desember 31, 2006

Terminliste 2007

14. januar, bassengtrening Eidsbøen
Arrangør: Havstril
Besøk frå forbundets Torbjørn Nordeide. Me tenkjer teknikk og eskimoredning.

15. mars, første torsdagspadling
Meir info om alle turar kjem etter kvart. Alltid atterhald om vêr og vind.

1. april, Klubbtur til Bømlo
Arrangør: Havstril
Me tek kajakkane på hengaren/biltaket og padlar kanalane i nabokommunen vår.

28. mai, NPF introkurs med Njord - Heimarkpollen
Arranngør: Havstril
Ideelt for dei som aldri har padla før, eller dei som berre har litt røynsle. Fokus på grunnleggjande teknikk og tryggleik.

1.-3. juni, Njord Havpadlesymposium - Sotra, Bergen
Arrangør: Njord AS
Symposium der det arrangeres bli turer, kurs, veiledninger og foredrag fra noen av Norges og verdens beste padlere.

9.-10. juni, NPF Teknikkurs - Heimarkpollen
Arrangør: Havstril/NPF
Flott for dei som har padla ein del - og vil læra meir. Alt du kan læra om padling i havkajakk. Instruktør er Torbjørn Nordeide frå NPF

23.-23. juni, Åreleiken - Gudvangen/Flåm
Arrangør: Stigen Gard
Turløp fra Flåm til Gudvangen, en distanse på ca. 35 km. Åredrevne fartøy av ymse slag er invitert til en sosial og fysisk utfordrende naturopplevelse i det nylig verna fjordlanskapet.

4. - 5. august, Huftarøy rundt
Arrangør: Havstril
Klubbløp med eller utan overnatting. Me tek ut ved Rostøy laurdagen. Meir informasjon etterkvart.

8. september, Sotra Sea Kayak Race - Sotra, Bergen
Tid: 8. september
Arrangør: Njord AS

(Foto: Introkurs med Njord i august i fjor).

fredag, desember 22, 2006

Julehelsing frå NPF

Me har fått ei hyggeleg julehelsing frå Norges padleforbund. Havstril ønskjer sjølvsagt alle austevolingarar og kajakkpadlarar ei fin høgtid og eit retteleg godt nytt år på bølgjan blå.

lørdag, desember 16, 2006

Ny bassengdag i januar

Bassengtrening sundag 14. januar klokka 13.00 på Eidsbøen. Torbjørn Nordeide frå padleforbundet kjem, og det er nesten eit must å møte opp. Ikkje berre for å trena rulla, men òg få andre tips frå ein av landets beste instruktørar. Sjå videoar med instruksjon frå den gode Nordeide, som me vonar skal halda teknikkurset for oss til sommaren.

(Foto: Torbjørn Nordeide er ein av dei beste instruktørane i Noreg, og kjem til oss i januar).

torsdag, desember 07, 2006

Ein padledato

Dersom det vert fint padlevêr sundag 16. desember, kan dei som vil møta opp ved småbåthamna i Beinskroken klokka 11. Liten tur rundt i Busepollen står på programmet, så kan me mimra om finevêr (altså ikkje kombinasjonen med vind og regn) og leggja planar for neste padleår.

(Foto: Sommarens fredelege padleturar virkar uendeleg langt borte i begynnelsen av ein ufyseleg desemver).

onsdag, desember 06, 2006

Klubbvitjing i vente

Ein representant frå padleforbundet kjem til å besøka oss i løpet av medio januar-februar. Då vert det fokus på redningsteknikkar (les: rulle), og me tek sikte på å gjennomføra øvingane anten i bassenget på Eidsbøen eller på Stolmen. For å dekka inn bassengleiga, må me ha ein 100-lapp frå kvar deltakar. Me har òg fått stadfesta datoen for teknikkurset, som me kanskje arrangerer i Heimarkspollen, eventuelt ein meir vêrutsett stad, om det er ønskje om dét.

onsdag, november 29, 2006

Foreløpige kursdatoar 2007

Det ser ut til å verta introduksjonskurs i havpadling i regi av Njord den 28. mai 2007. Me vil truleg få Torbjørn Nordeide frå NPF til å halda teknikkurs for dei litt meir vidarekomande helga 9-10. juni. Er det nokon som har forslag til kursstad ta kontakt.

I løpet av våren har me òg utdanna den første aktivitetsleiaren vår, slik at me sjølve kan halda kurs for eit mindre tal austevollingar når det passar.

tirsdag, november 28, 2006

Adrenalinsuppe og tørrdrakt

Sjekk ut kajakknet si nye heimeside. Finst ein og anna godbit, mellom anna tørrdrakt til under 4.500 (introtilbod). Noko å tenkja på under labile padletilhøve. Var ute på laurdag og fekk prøvt meg med padlekameraten. På eit blunk skifta vinden og laga sjølv Heimarkpollen til ei adrenalinsuppe. Så nær velt så med så stor regularitet har eg ikkje vore ute for før. Refleksbølgjer på ein meter halvannan, kastevind. Men du verda kor kjekt det er å meistra tilhøva. Poenget er likevel at 20 minutt seinare gjekk ein av oss rundt, og om nokre veker ville dette blitt ei kald oppleving. Hugs difor trygg padling. Tørrdrakt (du må ha ei som er spesiallaga for padling) kostar frå tre-fire tusen og oppover. Eit anna alternativ kan vera våtrakt med ei ekstra padlejakke, men då stikk du ikkje langt frå land.

tirsdag, november 21, 2006

Hefte om padling


Forbundet har gitt ut dette heftet, som du kan lesa on-line. Kan vera nyttig lesing.

mandag, november 20, 2006

Ingen bassengtrening

Me fekk ein pris frå ungdomsskulen på heile 1 000,- per dag/gong me leigar symjehallen. Dersom folk ikkje er villige til å betala sjølv, er det ikkje økonomi nok i klubben til slike utlegg.

fredag, november 17, 2006

Pause i sundagspadlinga

Med mindre det ser ut til å verta skikkeleg finevêr i helgjene, innstiler me sundagspadlinga inntil vidare. SMS/E-post vil verta sendt ut dersom det ser ut til å verta retteleg flott vêr. November har i alle høve ikkje bydd på dei beste sundagane så langt.

Kort om styremøtet

I går hadde me styremøte i Havstril. Det vart sett av dato for årsmøtet: Det vert torsdag 8. februar '07. Vidare vart det bestemt at me tek ein vårtur til Kulseidkanalen, og at me planleggjer ein skikkeleg tur til Nærøyfjorden i løpet av sommaren. Ein overnattingstur i øyane er og på blokka. Ta med telt! Det vart mellom anna òg snakka om eit samarbeid med kommune for brukarar som treng spesiell tilrettelegging. Det vart diskutert eit kajakkorienteringsløp i løpet av året. Me vil òg truleg setja opp eit teknikkurs i helga 9.-10. juni. Me kjem attende dersom me får meir treningstid i bassenget på Eidsbøen.

tirsdag, november 14, 2006

DVD til låns


Sånn i forlenginga av den førre posten: Dette er ein fin informativ DVD om padling, teknikk osv. som kan vera ein inspirasjon for å prøva nye teknikkar, gjera ein betre eskimorulle etc. Kan lånast av TrH. Berre gje ein lyd, så kan han takast med når me treffast.

Nugget av ei padlebok


Eg trur at denne boka er vel verd eit innkjøp? Om du er interessert, kan me tinga henne saman, så sparar me nokre grunkar i porto. Eventuelt kan me jo tenkja på å opparbeida eit lite klubbibliotek? TrH

søndag, november 12, 2006

Gøy med grønlenderrulla



Åtte austevollingar var møtt opp for eksimorullekurs i bassenget på Eidsbøen sundag. Instruktør Einar Matre gjekk igjennom sin vri for ei suksessful rulle og gjengen gjorde sitt for å kopiera fitjarbuen etter kvart. Matre var ein morosam instruktør med fine anekdotar under vegs.

onsdag, november 08, 2006

Det vert rullekurs

Det kan no stadfestast at det er mange nok påmeldte til at kurset går av stabelen på sundag. Dermed går den tradisjonelle sundagspadlinga ut.

mandag, november 06, 2006

Tenk vintertryggleik


Skal du padla om vinteren bør du ha skikkeleg utstyr. Helst tørrdrakt, og hugs lue for varmetap frå hovudet om ulukka skulle verta eit faktum. Minimum elles er våtdrakt, ei god jakke, vasspumpe og om du padlar åleine årepose. Ein ekstra tryggleik å padla nær land og unngå opne havstykke. Nylege skrekkhistoriar frå media: Fiskaren og Tidens krav.

søndag, november 05, 2006

Vått og kaldt...

Vêret sette ein stoppar for sundagsaktiviteten vår i dag. Om me får nok påmeldte til rullekurset neste helg, går sundagspadlinga ut...

onsdag, november 01, 2006

Beinskroken på sundag

Tur frå Beinskroken klokka 11 på sundag. Meldingane viser 6 grader, sørleg og svak vind. Overskya.Vasstemperaturen ligg enno eit lite stykke over 10 grader.

torsdag, oktober 26, 2006

Frå Rostøy på sundag

Med atterhald om vêret: Det vert fellespadling frå Rostøy frå klokka 12 på sundag. Meldingane er ganske divergerande, så heilt sikker på kvar turen går finn me ut når me møter opp. Rune er kontaktperson.

onsdag, oktober 25, 2006

Kurset går 12. november. Her er litt info:

Her litt om kva som er fordel å ha med seg i bassenget: Det kan vera ein fordel å ha med neoprendrakt eller ei rein, tynn tettsitjande regnjakka, og super ullundertøy for å hindra varmetap. Ei dykkarmaske/symjebriller/naseklype kan vera til hjelp for å få ”oversikten” under vatnet og redningsvest letta oppdrifta i byrjinga, men det er ikkje naudsynt å ha dette.

Kurset vert inndelt i ulike øvingar for å få ei gradvis tilvenning:
Oppvarming ved å symja 10 - 15 minuttar.
Trening i å bruka åra. (Ta med di eiga åre og kajakk, om du har.)
Krype ut av kajakken.
Trena på støttetak utan å velte over.
Trena på å liggja sidelengs i og flyta på åra.
Korleis åra skal vridast medan ein går djupare i vatnet.
Arbeida seg ut av vatnet med åra.
Ta heile prosessen i eit tak.
Velta, krypa ut av kajakken, legg åra til rette, krypa inn i kajakken og rulla opp att i eit.
Teknikkar når ein er åleine og må koma seg ombord ved hjelp av støttemidlar.
Demonstrasjon av ulike kameratredningar.
Nødpadling og måtar å berga seg på.
Klesval.
Oppsummering og evaluering.

mandag, oktober 23, 2006

Rullekurs i november

Einar Matre kjem til å halda rullekurs for oss i bassenget på Eidsbøen i løpet av seinhausten. Datoane som utkrystalliserer seg er laurdag 11. eller 18. november. Me kjem attende med stadfesting av tidspunkt og pris for kurset.

søndag, oktober 22, 2006

BT om Sotra Sea Kayak Race

Ingen austevollingar med, men sikkert ei frisk oppleving. Me tek Huftarøy Rundt neste år uansett! :-)

onsdag, oktober 18, 2006

Tur på sundag?

Om nokon har ønskje om å padla, gje ei melding om tid og stad. Gjerne per epost eller sms. Vêrmeldingane viser svak vind frå sør, skyer og ei og anna regnbyge.

mandag, oktober 16, 2006

Spar tusenlappar

Keen ny kajakk? Njord sel ut Current Design-båtar og anna utstyr i desse dagar. Du sparar ein god del tusenlappar ved kjøp. Sjekk ut denne linken.

søndag, oktober 15, 2006

Haukenespollen i haustskrud


Fire medlemmar troppa opp i ved Kolbeinshamn og heiv seg raskt i kajakkane. Geir, Margrethe, Liv Bente og Trond padla forbi Sauaneset, under brua ved Fiskarfagskulen og inn til Haukanespollen som var speglblank. Fint, fordi trea i nærleiken kunne studerast dobbelt med dei gule og raude blada sine. Etter kvart enda me opp eit steinkast frå Ordførarsvingen, før kursen vart staka heim att via Notaneset. Totalt padla me 11 kilometer i finevêret. Det var berre solskinet som mangla.

fredag, oktober 13, 2006

Sundag frå Kolbeinshamn

Møt opp klokka 10:30 for fellespadling frå Kolbeinshamn. Vêrmeldingane ser meir enn brukbare ut, og øyane utanfor Austre Storebøvik, såvel som Haukanespollen kan vera verdt eit par padletak.

onsdag, oktober 11, 2006

Gira på helgepadling igjen?

Fine Vêrmeldingar både laur- og sundag. Kva med ein tur med Rostøy som utgangspunkt? Ev. padla ut frå Kolbeinshamn på morgonkvisten? Legg gjerne att ein kommentar eller to i bloggen om du har idéar eller ynskjer.

Kajakkjøp i haust?

Sjekk ut tilbodssidene til Ut i naturen i Stavanger. Mange "nuggets". Bl.a. North Shore Buccaneer.

søndag, oktober 08, 2006

Fem i pollen

Fem kajakkpadlarar sette ut frå Kjempefaret klokka halv elleve sundag. Gjengen tok Småstraumen ut frå pollen, og padla innom Selvågen og tok den vesle straumen like ved inn igjen. Så gjekk turen til Åsmundspollen, så til Blåsterneset for å ta ein titt på naustbygging. Litt vind på vegen attende.

(Foto: Arkiv, men alltid fint i Småstraumane).

fredag, oktober 06, 2006

Sundag frå Vassverket

Møt opp ved Kjempefaret (Austevoll vassverk) for ein liten sundagstur på Heimarkpollen. Oppmøte klokka 10:30.

onsdag, oktober 04, 2006

Sundagspadling og rullekurs

Når og kvar skal me padla i haust og vinter? Pollane er kanskje det sikraste valet, og vakrast når lauva på trea gulnar og dett av? Vasstemperaturen er jo på veg nedover, men er framleis ikkje avskrekkande. Send gjerne ein e-post eller SMS til Trond om du har tankar om når du vil padla.

Me forsøkjer å få til rullekurs i basseng i løpet av vinteren. Me kjem attende med meir info når me har ordna med instruktør og tidspunkt.

mandag, september 25, 2006

Ute etter utfordring?

Njord arrangerer Sotra Sea Kayak Race 21. oktober. Marathon, halvmarathon og mosjoninstklassar. Noko å tenkja på for dei sprekaste av oss?

Slutt på ettermiddags-/kveldspadling for i år

Torsdagens padletur vert årets siste torsdagspadling grunna at det vert mørkt for tidleg om kveldane. I staden satsar me på ein og annan laur- eller sundagstur når vêret tillet det. Krystallklåre vinterdagar kan vera perfekte for padling òg, berre ein ein kledd for eventuelle møte med det kalde vatnet. Under slike tilhøve er det godt å kunna kameratredning - i alle høve for dei som ikkje investerer i tørrdrakt.

søndag, september 24, 2006

Padleperler i Austevoll

I løpet av våren neste år må me få trykka opp ein liten forlder om klubben vår, og ikkje minst om turforslag i Austevoll. Har du vore på ein fin tur, skriv gjerne ned nokre ord og har du fotografi er det endå betre. Send gjerne det du måtta ha digitalt til trond.hagenes@aknett.net.

lørdag, september 23, 2006

Vêret skremte vel?

Det var berre ein medlem som møtte opp i Beinskrokjen på torsdag - men det må vel vêret ta skulda for? Me forsøkjer med nytt mot frå same stad komande torsdag.

søndag, september 17, 2006

Beinskrokjen neste

Torsdag går turen frå Beinskrokjen klokka 18. Me utforskar Busepollen eller kanskje tek me Drøno rundt, alt etter kva vêret blir.

Sist var fem padlarar på ein fullstendig roleg sjø, og padla rundt Lunnøy, med utgangspunkt i Nordevågen på Selbjørn.

onsdag, september 13, 2006

Torsdag frå Nordrevågen

Kvar torsdag er det fellestur - denne ikkje noko unnatak. Turen går frå Nordrevågen på Selbjørn klokka 18. Vêrmeldingane ser fine ut.

mandag, september 11, 2006

Fin fitjartur

Berre tre austevollingar vart med på sundagens tur til Fitjar. Vêret var bra då me sette ut frå Fitjar med kursen mot nordsida Ålforo. Odd Bondevik var, som det hør og bør seg for ein tidlegare fitjarordførar, ein retteleg god guide. Me fekk oss lunsj etter eit par timar før me kom oss til Hanøya, der me gjorde strandhogg. Fascinerande lita øy, lengst ute mot havet med velheldte bygningar og beitemarker på dei øvste delane av øya. Folk må ha slete skikkeleg for å ha rydda områda for stein, og ikkje minst laga dei høge murane me kunne studera nærare. Til saman padla me i omlag seks timar, og fekk sjå mykje av øyane utan at me støytte på mange båtar under vegs.

onsdag, september 06, 2006

KL12440013

Havstril padleklubb er teken opp i Norges Idrettsforbund og Olympiske komité! Stadfestinga kom i brev frå idrettskrinsen, datert 4, september '06. Dermed vert me òg medlemmar av Norsk Padleforbund.

tirsdag, september 05, 2006

Hugs sundagstur til Fitjarøyane

Hugs fellestur til Fitjarøyane sundag. Me reiser med 9-ferja, og vert guida av lokalkjende Odd Bondevik.

Hedlaleita på torsdag

Møt opp 150 meter sør for Austevoll Trelast for å padla på torsdag. Liv Bente er kjentkvinna på turen som går frå klokka 18 og utover.

Forslag til logo



Kurt Jarnes har laga dette forslaget til logo for oss:

Husavik - Blænesøy - Gilsvågen


Rein guttetur med Yngve, Ulf, Trond og Geir H. Sistnevnte viste vegen, medan dønningane i Langenuen gav eit morosamt teppe til å leika seg på. Til saman padla me 10 kilometer på to timar med masse padleprat undervegs. Mellom anna vart idéen om å arrangera eit turløp til neste år - Huftarøy rundt - fødd. Ein distanse på 36 kilometer er i realiteten overkomleg for dei aller fleste.

I Gilsvågen trefte me på ein haug med hegrar, før me på vegen heimatt kunne beundra bårene som braut på Bleneståa i vestavinden. Kanskje noko å prøva seg på ein gong?

søndag, september 03, 2006

Kurssesongen avslutta


Ni austevollingar var med då Havstril og Njord arrangerte årets siste introkurs i padling. Opplegget var som vanleg, med fokus på tryggleik og teknikk. Instruktørar var Julie og Torbjørn frå Njord, med austevollingen Øystein som hjelpemann.

fredag, september 01, 2006

Rulle-rulle-rulle

Kva meir skal ein sei? Lett å verta svimmel?

Mandag frå Husavik

Me prøver oss med Husavik og sørover på mandag - men det er meldt vestleg liten kuling, så om dette vêret står for hardt på - padlar me i staden frå kaien på Heimark og litt rundt i pollen der.

torsdag, august 31, 2006

Vasseidet - Krossøy



Me hadde ein fin tur på torsdag. Me - fire stykk - sette turen frå Vasseidet litt etter klokka seks, og etter å ha kryssa leia og nokre småekle bølgjer kom me oss heilskinna til Krosshamn. Ein ekte idyllisk stad, der ingen av oss hadde vore heilt innom før. Så padla me rundt øya til den vidgjetne pollen på øya. Klokka vart 19:38, og me måtte komma oss heimover i staden for å padla til Skår, slik me vona me skulle få tid til. På vegen heim stakk me innom fleire flotte viker - og ikkje minst Paraket (st?). Endå ein flott stad i Austevoll.

tirsdag, august 29, 2006

Plass til 18 på kurset

Me har per tysdag kveld fem påmeldte til introkurset på sundag. Det betyr at me har plass til 13 fleire på kurset som går av stabelen ved Gråsidalen klokka 10:30 og seks timar framover. Kurset vert arrangert i samarbeid med proffane i Njord.

Frå Vasseidet på torsdag

Møt opp på Vasseidet klokka 18 torsdag. Turen går nordover mot Sandtorv, Krossøy...

mandag, august 28, 2006

Teknikkurs

Ein av medlemmane har vore på teknikkurs i regi av NPF og BSI. Kurset er så bra, spesielt med tanke på ulike tak og vasstilvenning at me må få det til i Austevoll på vårparten. Instruktør Torbjørn Nordeide har sagt seg villig til å instruera. Les meir om kursstigen til forbundet.

Rabattips hos Aktiv Fritid

Aktiv Fritid i Sandvika har 20 prosent på ALT padleutstyr i desse dagar. Dei har masse kvalitet, men tek seg normalt VELDIG GODT betalt. Eit godt høve til å kjøpa ekstra åre, tryggleiksutstyr med meir?

Sjekk linken!

fredag, august 25, 2006

Haukanespollen

Denne gangen var me fire stykker som møtte opp ved Fiskarfagskulen for å utforska Haukanespollen og Eido.Me fekk snart prøva oss, straumen inn til pollen ligna ei stri elv, etter å utfordra naturkreftena og leika oss litt, gjekk me på land og halte kajakkane gjennom straumen.

Neste stopp var rundt Kalveneset, der var det laga ei ”ny” altfor lav bru over sundet inn til Ytrepollen. Det stoppa ikkje oss, hindringa vart fjerna og snart var denne pollen også utforska. I Eido gjorde me strandhogg, for å finna ut om det lar seg gjera og bera kajakkane over til Austmunnevågen. Etter å byksert fira gjerde og vandra et par hundre meter såg me sjøvatn frå Heiamarkpollen. Konklusjonen vart att dersom ein er ute etter ekstemsport, så let det gjennomføra å bera kajakken over frå Haukanespollen til Heimarkpollen.

Etter å plukka utallige flått, padla me same veien tilbake gjennom eit landskap som minna litt om innlandet på austlandet.Straumen hadde no stilna, den var nesten kjedelig i forhold til når me prøvde å padla i pollen. Dei som enda hadde litt energi til overs, tok ein tur inn til Kvernsmolt og kikka, før me tok kvelden!

Takk for enda ein hyggeleg tur!
Rune H.

onsdag, august 23, 2006

Ny padledag - forsøk

Nokre medlemmar har sjeldan høve til å verta med på torsdagspadlingane. Difor førsøkjer me oss med eit prøveprosjekt eit par mandagar i september. 4. september forsøkjer me oss med ein fellesrtur klokka 6. Oppmøte kjem me attende til.

Vonar at flest mogleg vert med på fellesturen i morgon. Neste torsdag set me ut frå vågen nedanfor Birkeland - som leiaren i klubben vår ALDRI hugsar namnet på.

Legg gjerne att meiningar om kva som er den beste padledagen. Hugs bloggen er for alle medlemmar ;-)

Styremøtereferat

Dei av medlemmane som vil ha ein kopi av styremøtereferatet frå førre torsdag, kan oppgje e-postadressen sin til trond.hagenes@aknett.net, så vert det tilsendt.

tirsdag, august 22, 2006

Torsdagsturen: Haukenespollen

Møt opp klokka 18 ved havforskninga og bli med og utforsk krinkelkrokane i pollane mellom Haukanes og Eido.

fredag, august 18, 2006

Sundagstur til Fitjarøyane

Med Odd Bondevik som kjentmann inviterer Havstril alle røynde padlarar og dei som har introkurs eller liknande på ein lang sundagstur i Fitjarøyane 10. september. Me reiser med 9-ferja og padlar ut frå Fitjar så raskt som råd. For påmelding ring Trond på 988 74 253.

Nytt introkurs 3. september

Første sundag av september er det duka for nytt introkurs i padling. Me kjører same opplegget som før, med minst to instruktørar frå Njord. Dermed har me plass til anten tolv eller 18 deltakarar.

Fokus på kursa er grunnleggjande tryggleik og padleteknikk. Kurset startar klokka 10:30 og varar omlag seks timar. Påmelding per telefon til Trond, 988 74 253 inntil kurset er fullt.

torsdag, august 17, 2006

Tur til Vinnesvåg og Kalsund


Etter styremøte torsdag padla fem ivrige austevollingar ut frå Juthola. Turen gjekk rett over Selbjørnsfjorden til Vestre Vinnesvågen, så vidare sørover. Jentene padla heimover og gutane padla heilt til Kalsund. Deretter måtte me skunda oss for å koma heim att før det vart mørkt. Me var akkurat framme i Juthola då sola forsvann.

Neste veke er Rune Høgøy ansvarleg for fellespadlinga, som er flytta fram til klokka 18. Me kjem attende tidleg neste veke med kvar turen går, men utgangspunkt vil truleg vera nedanfor det gamle sømsenteret på Rostøy.

fredag, august 11, 2006

Fin tur til Råtapollen


Fire padlarar møtte opp ved Rostøy - Geir Ove, Liv Bente, Trond og Rune. Me padla på havblikk sjø forbi Flatøy, Bakholmen og inn i Melingsvågen. Deretter sette me kursen endå litt vestover før me enda opp i den praktfulle Råtapollen, der ein stor, kvit vær helste på oss med eit våkent blikk og enorme, krøllete horn. Så vende me baugane heimover og trefte på "Tedno", som laga friske bølgjer. Ein kveldsvind gjorde at me i alle fall fekk litt meir kjensle av sjøen den siste halve sjømila attende til Rostøya.

Neste torsdag er det styremøte på Bekkjarvik gjestgiveri klokka 18. Me tek ein tur ut frå Bekkjarvik eller Nordevågen etterpå, alt etter kva vêret bringer.

mandag, august 07, 2006

Me kan skaffa Hasle-kajakkar

Arne Hasle sine kajakkar vert ofte trekte fram som gode båtar for byrjarar. Me kan skaffa pakkar med kajakk, åre, vest og spruttrekk. Gunstige prisar på dei ulike modellane. Kontakt Arild Sunde på 951 46 001 for meir info.

Klikk på tilbodet nedanfor for meir informasjon.

søndag, august 06, 2006

Endå fleire på introkurs


Havstril og Njord arrangerte i helga introkurs i padling på Storebø. Dagen før måtte me seia nei til fleire som ville vera med fordi Njord berre skulle senda ein instruktør og ein hjelpemann. Sidan interessa er stor, kan det henda me kjører nok eit kurs i løpet av hausten. Dette kjem me attende til etter styremøtet vårt den 17. august.

Xavier Guesdon frå Njord var hovudinstruktør, medan lokale Øystein Kalvenes var assistent. Folk fekk kajakkar og første leksjon var å finna balansepunkta. Allereie etter nokre minutt fekk ein kar seg ein dukkert, og snart fekk han selskap av endå ein. Låtten var alltid på plass og deltakarane såg ut til å storkosa seg.

Etterkvart vart det gjennomgong av padleteknikkar, framover, sidevegs og bakover. Så fekk deltakarane redda seg sjølv og kameraten.

Totalt har to dusin austevollingar gjennomgått introkurs med oss så langt.

fredag, august 04, 2006

ARENA sel kajakkar

ARENA i Kolbeinsvik har importert fleire MARI 31-kajakkar frå Baltikum. Kajakkane er av liknande modell som fleire austevollingar m.a. har nytta på ekspedisjon ved Svalbard. Lengda på båtane er 510 cm, breidda 56 cm og cockpiten er 43x80 cm. Kajakkane har to store lasterom, og hendig dagsturluke like bak cockpiten. For meir informasjon kan du kontakta Mons Ove Hauge på 55 08 30 05 eller maila mons@arena.ac

Berre to på fellespadlinga

Torsdag 3. august var det rekordfå med på fellespadlinga. Litt nordavind og barnevakter som var bortevekk får vel ta noko av ansvaret. Berre Malin og Trond møtte opp ved Jutholo på Selbjørn, og på to timar vart det padla til Båtevika og attende. Ein fin tur, med litt surf på vegen forbi Økshammaren, og slit på same distansen attende. Vinden var nokså frisk.

Neste torsdag tek me sikta på oppmøte ved Rostøy. Er vêret fint tar me turen mot Hundvåkøy-Horgo - om det er ruskut tek me ein av pollane i nærleiken.

torsdag, august 03, 2006

Kajakkurs, laurdag 5. august

Me kjører i gong nok eit introkurs som går førstkommande laurdag. Ikkje like mange påmeldte som sist (13), men likevel ei god gruppe. Denne gongen er det i Gråsidalen me sjøsetter kajakkane frå. Det er Xavier frå Njord som skal vera hovudinstruktør.