Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
lørdag, mars 31, 2007
Skjærtorsdagpadling
Padla i påskehelga? Møt opp ved småbåthamna i Beinskrokjen klokka 11 på skjertorsdag. Avhenging av vêret tek me enten Drøno rundt, eller berre pollane.
fredag, mars 30, 2007
Brufeste, Råtapollen, Rostøy og tilbake til Gråsidalen


Perfekt vårsol og eit hav roleg som eit stovegolv, gav oss gode ramer til å verta litt varme under skjorta etter ein altfor lang vinter i padleopplag. Me sette ut frå Gråsidalen klokka fem, og navigerte nordover for å bisnast litt på bruarbeida mellom Austre bakholmen og Hundvåko. Me la oss å venta på at anleggsferja la seg til før me sprinta fordi straumvirvlane frå propellane i det "Tjelden" òg kom forbi, utan å laga bølgjer grunna den låga farten sin. Me tok strekket sørover langs land og inn i Råtapollen, som alltid er idyllisk. Me skoda ein mann og Kongsvarden ved Melinga, før me la i veg austover til Rostøy, der Rune gav seg for dagen (måtte rekkja volleyballtreninnga, må vita). Dei fire som var att heldt fram i Rostøysundet, og beundra Jostein Blænes sine skjeringar på Bjånesøyi. Til slutt kom me oss inn til Storebø att, og me nytta nokre minutt til inspeksjon av lagringsplassen til kajakkane i seglarnaustet. Her kjem me nok til å få plass til seks til åtte kajakkar.
søndag, mars 25, 2007
Torsdagsturen: Frå Gråsidalen
Klokka er stilt og det vert dermed lysare om kvelden. På torsdag tek me turen ut frå Gråsidalen og padlar rundt øyane litt sørover viss vêret framleis held seg fint. Dersom det vert uventa vind, flyttar me utpadlingspunktet til småbåthamna i Beinskrokjen. Tidspunkt for oppmøte: Klokka 17:00.
torsdag, mars 22, 2007
Straumane i vald

Turen på akkurat to timar var uansett kjempeflott - knallsol på ein varm ettervintersdag. Kva anna kan ein gjera enn å sei seg hjartans samd med Rune "Detta e' livet!"
søndag, mars 18, 2007
Ikkje berre-berre

Dei som vil padla viss det vert fint vêr på torsdag kan møta opp på kaien på Heimark klokka 15:30. Eit par raske timar i staumane står på menyen.
lørdag, mars 10, 2007
Bassengtrening utsett
Instruktør Nordeide er har meldt avbod pga sjukdom, og bassengtreninga på Austevoll ungdomsskule vert difor 18. mars klokka 13:00 i staden.
fredag, mars 09, 2007
Ny kajakkforretning i Bergen
På jakt etter Valley-kajakk? Då kan du ta turen innom den nye padlebutikken til Kyrre som tidlegare arbeida for Torgeir Toppe og Aktiv. Butikken, som ligg midt i strøket - C- Sundtsgt 64, har òg ei nettside som er oppe og går - den canadiske fabrikanten Riot har nokre båtar som kanskje kan verta aktuelle som klubbkajakkar ein gong i framtida.
tirsdag, mars 06, 2007
Styremøtet 5. mars

lørdag, mars 03, 2007
Stadfesta kajakkparkering
Padleklubben får plassert kajakkane sine i Seilforeningens klubbhus i Gråsidalen. Me kjem til å la våre "in-house carpenters" laga stativ til oss, slik at me får maksimalt utav plassen vår, som tilsvarer ein oselvar (men me byggjar altså i høgda). Mellombels har me ikkje retteleg plass til Inukshuken i Bekkjarvik, men det er jo heller ikkje så mange steinkasta til leiarens hage.
Abonner på:
Innlegg (Atom)