
Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
tirsdag, januar 30, 2007
Klubbvestar

fredag, januar 26, 2007
Vil du byggja eigen kajakk?
Det finst mange typar kajakkar du kan byggja sjølv. Her ei er lenke til eit tilbod du får gjennom Njord. Einar Matre har og tilbydd oss eit slikt kurs. Er det intersse - ta gjerne kontakt, så kan me få til eit lokalt tilbod...
torsdag, januar 25, 2007
Gullkyst for padling

Kajakken glir elegant gjennom vatnet. Eg kjenner ei svak murring i skulderblada som er sjølve motoren når ein padlar. Rytmen er sett og konsentrasjonen lagt mot eit punkt omlag ein kilometer borte. Trass i at det er store bølgjer og mykje vind berre nokre kilometer unna, er denne pollen så og seia alltid som er dorsk innsjø på Austlandet. Naturen er likevel fantastisk. Første gong eg padla gjennom straumane med forsiktige åretak kunne eg beundra det rike livet under kjølen, snika meg innpå ein og annan fugl og jammen kom ikkje sjølvaste havørna òg glidande rett over tretoppane.
Gleda med kajakk er kanskje størst når du voggar med havet og kajakken skjerer seg grasiøst gjennom bølgjekammane, eller når du endeleg roen og glede ved å få bølgjene inn frå sida av båten.
Det aller kjekkaste med å padla i Austevollskjergarden er at du alltid kan finna passande utfordringar. Om du er nybyrjar, kan det vera aller best å halda seg ein stad der du unngår for mykje store bølgjer og skjergardsjeepar som freistar å renna deg i senk. Slik sett kan Heimarkpollen med det unike økosystemet sitt, eller liknande pollar ved Drøno eller Haukanes vera ideelle.
Kjekke turar
Spennvidda for padling er stor her ute. Ein fin dags- eller overnatting tur for dei meir røynde, kan vera å setja kursen frå Rostøy til Horgo. Denne øya har mykje å by på, og du kan sova trygt og godt i ei seng i horgehuset til Bergen og omland friluftsråd. Om du kryssar eller padlar langs skipsleia, bør du alltid vera varsam. Det er slett ikkje gitt at han som står ved brua har sett det vesle fartøyet som duppar i bølgjene. Å ha ein lett synleg kajakk og tilsvarande klede er ei god hjelp. Om du padlar når det mørknar, bør du alltid ha ei eller anna lyskjelde festa på padlevesten eller på dekket av båten din.
Sjølvaste Møkstrafjorden og kyssing av større fjordar bør du vera forsiktig med om du ikkje er røynd, eller i selskap med nokon som er det. Likevel, mange meiner at skjergarden mellom Møkster og Litlakalsøy er noko av det vakraste Austevoll har å by på. Fuglelivet er spesielt rikt her, og om hausten kan nok sjøfugljakt frå kajakken by på mange spanande opplevingar. For dei av oss som føretrekkjer fuglane levande, er det både alkar, ender, grågås og rovfuglar å få auge på. Men sjølv på rolege dagar kan det vera ein og annan havdønning som bryt mot land. På slike plassar opplever du ofte såkalla refleksbølgjer, og då kan det vera enklast å gå eit stykke frå land. Store bølgjer og bratte berg er oftast den verste kombinasjonen.
På dei finaste godvêrsdagane er omtrent heile øyriket tilgjengeleg for kajakken. Hugs berre å unngå område med undervasskjer og der det er mykje drag i sjøen. Om du er usikker på kvar det er trygt, bør du rådføra deg med folk som er lokalkjende.
Tryggleik, tryggleik, tryggleik
Inngangsbilletten til å padla treng ikkje vera høg. Du kan få kjøpt gode padlepakkar for under 10 000. Hugs likevel på tryggleiken. Ei god investering for alle padlarar er eit nybyrjarkurs. Det finst ei rekkje kajakklubbar i nærleiken som kan hjelpa deg med dette, som understrekar at padleforbundet tek sikker padling seriøst. Også mange av butikkane som sel kajakkar, tilbyr kurs slik at folk finn seg til rette i den nye farkosten sin. Eskimorulla treng du likevel ikkje bry deg så mykje med. Ho er meir eigna til å imponera motsett kjønn med enn til normal havpadling. Om ein ser bort frå dei aller raskaste havracarane, vert kajakkane laga slik at dei er svært stabile. Kunsten er berre å vera lett og ledig og nytta hoftene som balansepunkt. På desse kursa får du òg gjennomgang av teknikk, noko som er eit må ha for ein fersk padlar.
Hugs at du alltid kler deg etter temperaturen i vatnet. Går du rundt, må du alltid vita korleis du skal redda seg sjølv. Du bør ikkje padla langt frå land før du har øvd inn sjølvredding- eller kameratredding. Uansett er ein årepose og ei pumpe for å tømme vatn frå cockpiten naudsynt når du padlar åleine. På dei finaste sommardagane kan likevel solbriller - og krem og ei god skuggelue vera like essensielt for ei god oppleving på fjorden. Og det er sjølvsagt galskap å ikkje nytta redningsvest. Denne skal på sjølv om du berre tek to tak utanfor bryggja.
Padling kan vera alt frå lett rekreasjon til gode treningsøktar, gjerne i kombinasjon. Med litt fokus på tryggleik, har du mange gode opplevingar i vente.
(Stod på trykk i Marsteinen sitt sommarbilag 2006)
Første klubbkajakk stadfesta

Havstril får i løpet av eit par veker den første eigne klubbkajakken på plass! Denne båten er sponsa av Møgster Management/Laco AS og me er djupt takksame for gåva! Båten, og dei andre me ha fått signal frå andre i næringslivet om, vil verta nytta til å gjera sporten meir tilgjengeleg for ungdom og andre som ikkje ser seg råd til å investera 10-15 tusen i ein kajakk.
mandag, januar 22, 2007
Padling i vintervêret
Endeleg har me litt godvêr, og dte kan vera rett så freistande å pakka kajakken ut frå ei eventuell vinterdvale. Denne artikkelen frå qajak.no gjev deg verdifulle tips om padling i den kalde årstida.
fredag, januar 19, 2007
Ønskjest: Padlefoto
Klubbkajakkar truleg på veg
Me har hatt positiv dialog med fleire næringslivsaktørar i kommunen, som slett ikkje er framande for å sponsa klubben vår med havkajakkar. Båtane vert anskaffa spesielt med tanke på grupper som kanskje ikkje har råd til å kjøpe båtar sjølve, som t.d. studentar. Me vil òg gjera båtane tilgjengelege for t.d. støttekontaktar m.fl. som kan ha nytte av padling i oppfølging av einskildpersonar osb.
torsdag, januar 18, 2007
Årsmøte 8. februar kl 19:30
Møt opp på padleklubbens første årsmøte. Det vert haldt på Bekkjarvik gjestgiveri. Saker er m.a. val av styre, medan Ole Jan Flatråker vil halda føredrag om padleturane sine på Svalbard. Saksliste vert sendt ut til medlemmane når me kjem så langt.
tirsdag, januar 16, 2007
Mens me ventar på padlevêret

mandag, januar 15, 2007
Bli sett på sjøen

(Foto: Tenk på å vera synleg når du padlar - slike fargar hjelper. (Palm Eq.)
onsdag, januar 10, 2007
Avlyst bassengtrening
Bassenget ved Eidsbøen er ute av drift, og der vert ikkje noko av treninga vår på sundag. Sjå sak på Austevoll kommune si heimeside. Me vert lova klubbvitjing frå padleforbundet ved ein seinare krossveg, men det kan like godt verta på sjø til våren - alt etter kor lang til kommunen brukar på å korrigera problemet.
tirsdag, januar 09, 2007
Pris til samarbeidspartnar
Njord er ifølgje bt.no tildelt Næringslivets internasjonaliseringsstiftelse. Kajakkentusiastane fekk prisen for satsinga si på naturopplevgingar, produktutvikling og marknadsføring. Malin Bakke Hole sa til bergensavisa at ambisjonen til Njord er å få cruiseturistar og rundreiseturistar ut av lenestolane. Prisen var på heile 400 000 kroner og vart delt ut hos Innovasjon Norge av statssekretær Frode Berge.
Abonner på:
Innlegg (Atom)