fredag, juni 29, 2007

Med åra i skråma


Berre tre havstrilar møtte opp i går,men me hadde likevel ein fin tur inn i Austre Vinnesvågen, der to av oss leika oss med teknikk, kanting og anna moro. Utanfor Husavik, i Langenuen, gjekk dønningane opp mot land trass det stille vêret. Kjekt var det å leika seg med bølgjene ein halvmeter frå land. Seinare støtte me på ei ærfuglho med to keitete ungar. Dei stressa bortover vatnet som om dei hadde fanden i hælane, medan hoa dykka. Eit minutt seinare trekte ho luft berre nokre meter frå kajakken til Trond H. Morosamt. Me padla inn i vågen ved Blænes, og vart som i fjor ynskt velkomne av ein ilter, svart vofs. Til slutt enda me opp i den vesle laguna på Blænesøya. På vegen ynskte eit par store ravnar ønskte oss velkomne frå himmelen. Me hadde ein roleg retrett til ferjeleiet. Som vanleg var alle samde om at det hadde vore ein fin tur :-)

Neste veke tek me turen frå Vasseidet, dersom det ikkje er sterk nordavind.

mandag, juni 25, 2007

Me forsøkjer frå Husavik

Me tek turen frå Husavik på torsdag. Det er meldt regn og vestleg bris, men det treng ikkje å setja ein stoggar for oppmøtet? Vanleg tid klokka 19.00. Me padlar etter alt å døma til Blæneslandet og beyond. Låna klubbkajakk? Ring Trond før klokka 14 på 988 74 253 eller send e-post til info@havstrilpadleklubb.no så snart som råd er.

fredag, juni 22, 2007

Lite oppmøte

Det var vore lite oppmøte dei to siste torsdagane. I går var det berre ein som møtte opp, trass i relativt godt vêr. Me vonar at det skal bli btre oppmøte neste gong.

onsdag, juni 20, 2007

Frå Gråsidalen torsdag

Me padlar frå Gråsidalen torsdag. Utgangspunktet kan vera å padla i rundt Straumane.

lørdag, juni 16, 2007

Suksess med introkurs



Ni vordande havstrilar møtte opp då me hadde introlurs med sjølvaste Torgeir Toppe på laurdag. Askøyværingen la ut om åreval etter at han hadde spøkt med at Aktiv har fem dødsfall i sesongen på introkursa sine. Dermed vart i alle høve deltakarane spesielt merksame då han demonstrerte at løkka på spruttrekket alltid må vera på utsida av spruttrekket. Han meinte òg at vingåre er minst like brukbart til normal padling som ein klassisk variant.

Til slutt kom me oss på sjøen, utan den heilt store dramatikken. Torgeir meinte for øvrig at damer, som var hovudvekta av deltakarane, er flinkare til å nytta hoftene sine. Difor går dei sjeldan rundt på kursa, heller.

Turen gjekk til Hedlaheite-området der det vart fokus på diverse svingteknikkar. Etter kvart klarte dei fleste å svinga med å bruka kanting, og sidemanøvrane gjekk bra òg. Det var akkurat som å ha ein asimuth om bord.

Etter ein liten pause, der Marsteinen dukka opp (les han på torsdag!) og intervjua Torgeir og nokre av deltakarane. Var det duka for diverse redningsteknikkar. Kameratredning vart mellom anna gjennomgått av den gode Aktiv-karen.

tirsdag, juni 12, 2007

Frå Møllo

Torsdag vert det padla ut frå Møllo i Vestre Vinnesvåg. Kjør ned gamleveg og parker i svingen. Yngve er padleadmiral for dagen. Er det nokon som vil låna med seg kajakkar ut, ta kontakt med Trond i førevegen (seinast klokka 11 same dag - 988 74 253).

Til Åreleiken?

Er det nokon havstrilar som har tenkt seg å padla Åreleiken den 22.-23. juni? Ta gjerne kontakt med klubbleiaren dersom du skal til Sogn.

mandag, juni 11, 2007

Plassar att på introkurset

Me har enno relativt bra plass på introkurset på laurdag. Oppstart er klokka 10:30 i Gråsidalen. Instruktør er Aktivs Torgeir Toppe, tidlegare bronsevinnar i padle-VM.

fredag, juni 08, 2007

Kjempetur rundt Horgo



Heile sju havstrilar møtte opp då me skulle venda kajakkbaugane våre mot Horgo. Etter nokre tak måtte me lura om Ole Bjarte A. var på veg. Det blenkte i noko borte ved Hundvåko-landet. Var det ei blåse eller var det ein kajakk? Nokre minutt seinare var me alle mann alle, komplettert med ivrig hundvåkar.

Me padla på sørsida av Bakholmen, og forbi Melingvågen. Alt i total stille. Berre ryggsøylene til ein liten flokk - eller kallast det stim? - med niser braut overflata. Me to oss forbi hytta til Tor Ø., som same kveld mottok kongens fortenestemedalje i gull, og vidare utover mot målet.

Like før me kom fram til Austrevågen, fann to av padlarane ut at nok var nok, og gjorde vendereis. På det tidspunktet kunne dei fremste av oss skimta skorsteinen på huset som kommunen eig, og BOF disponerer. Inne i den avskjerma vågen kunne me beundra sandbotn, medan den mest røykehundrige av oss fann ut at det var på tide med litt ekstra frisk luft. Andre peiste i seg med sjokolade eller nøtteturblanding for å retta litt på blodsukkertnivået.

Så tok me avgjerda om at me ville forsøkja oss på vestsida. Trass alt er det sjeldan vêret er såpass i godlaget. Rett på nordvestsida kunne me konstatera at dønningane runga inn i det steile berget. Refleksbølgjene førte til at ein beint måtte ha tunga rett i munnen og til og med jobba ein del med hoftene for å halda båten på rett kjøl.

Me kom oss inn i det trange sundet ved Horgekalven, og kunne beundra rullestein. Den lokale fuglefaunaen og ein liten encore med niser før me kom ut att i ekspondert farvatn. Det var moro med litt adrenalin etter å ha padla på det flataste av flatvatn i nesten to timar. Spesielt ved eit nesten firkanta skjer på sørvestsida bruat det kraftig. Dette merka me på innsida. Det var nok mindre enn 50 meter frå skjeret til land. Og det gjekk opp og det gjekk ned. Møkstrafjorden kan vera mektig sjølv på strålande finvêrsdagar.

Etter omlag 30 minutt med underhalding, runde me Horgetrynet og var på flatvatn att. Nokre av oss støtte nesten bokstaveleg tala på ærfuglungar, medan mange vaksne av arten dynefyll var å sjå. Me kom oss til slutt i land etter å ha padla 16,8 kilometer med ein snittfart i underkant av 6 kilometer i timen. Turleg ein av dei aller finaste og i alle høve mest varierande torsdagspadlingane me har hatt så langt!

Har De noko å kommentera frå turen eller padletips i området? Nytt linken under og kommenter!

Neste veke er det avgong frå Vestre Vinnesvåg. Ta gamlevegen ned i vågen. Meir informasjon kjem før torsdag!

søndag, juni 03, 2007

Rostøy - Horgo på torsdag

Dersom vêret hald seg, kjemme til å setja kursen for øyane vestom Melingsvågen på torsdag. Me "set segl" klokka sju (ver klar "sharp"). Er det ideelle tilhøve vågar me oss heilt til Horgo. Er det nokon som vil nytta klubbkajakkane, er det fint om de gjer medlig om det før lunsj på torsdag. Ring Trond på 988 74 253, så kan han ordna med transport av minst ein båt til Rostøy. Me brukar slippen som "launch pad".

fredag, juni 01, 2007

Fire på tur


Til tross for sommartemperaturar og speilblank fjord så var det berre fire havstrilar som stilte opp i Kolbeinshamn for å ta føre seg Haukanespollen på torsdag. Me var litt uheldige med tidevatnet då me skulle inn i pollen, og hadde sterk straum i mot. Det vart nokre harde padletak, og føltest mest som motstraumsrafting, men alle kom seg igjennom. Det var ikkje ei krusing på pollen, og heilt utan motorbåtar eller anna trafikk så var det mest som å padla i audemarka. Men så var det jo også innlandsaustevoll me tok føre oss. I den neste straumen var det låg vasstand, men straumen her var mykje svakare, så med roren oppe var det lett å komma seg inn til neste poll. Me padla heilt inn til Eido, og det er mest underleg å tenkja på kor smal Huftarøy er på dette punktet.

Då me skulle ut av pollen hadde straumen stilna mykje av, og me fekk ikkje den elvepadlingopplevinga som me hadde gledd oss til. Ein runde inn i Austre Storebøvågen og Kvernsmolt vart det også tid til i det fine vêret. Me konkluderte med at det var ein strålande og avslappande tur i det fine veret. Austevoll har mykje å by på, både inna- og utaskjers.