mandag, august 30, 2010

Frå Jutholo, bekkjarvik

Torsdag padlar me klokka 18:30 frå Bekkjarvik, nærare bestemt Jutholo. Turen kan enten bli Selbjørn rundt eller til Lundøy og øyane/holmane kring Salthella og attende. Det er meldt flott vêr.

fredag, august 27, 2010

Lærerikt om rulla

Rettleiar Lidun Hareide frå BSI introduserte fire havstrilar til eskimorulla i går. Kurset var både spanande og lærerikt, sjølv om ein av deltakarane enda opp med å spy over skrogkanten (etter fine forsøk på grønlenderrulla, må det seiast).

Foto: Etter at har Lidun vegleia rulle på tørrmark, forsøkjer Ingunn seg på rulla i den lune vika ved Sveholmen og Spissøy.

Motorhuset slamma

Då var motorhuset slamma. Dermed er me endå eit steg nærmare eit funksjonibelt og tett lager til kajakkane våre. Motorhuset var i særs dårleg stand og lak som ein sil då me flytta inn. No er taket måla med skipsmålaing, veggane slamma og murpuss gjennomført. I tillegg har me installert avfuktar innvendig.

tirsdag, august 24, 2010

Torsdagsdugnad

Dugnad klokka 18:30 på Sveholmen, torsdag. Det vert slamming av det gamle motorhuset der me har kajakkane våre, eventuelt måling og renovasjon av kaien utanfor. Oppmøte vert om lag kl 18:30, men det er sjølvsagt greitt å koma til etterkvart.

lørdag, august 21, 2010

Fullt rullekurs

Me har no fullt rullekurs på torsdag. Er det interesse, kan me eventuelt forsøkja å setja opp eitt til seinare.

Sist torsdag hadde me andre del av introkurset for ei gruppe svaksynte frå kommunen, og dei har fått våttkortet. Imponerande å sjå korleis dei meistrar kajakk og padling og progresjonen under vegs. Bravo, rett og slett.

På torsdag var det òg vanleg torsdagspadling, men med lite oppmøte.

onsdag, august 18, 2010

Padling frå Sveholmen

Det vert klubbpadling frå Sveholmen i morgon. Samstundes er det eit lite kurs, så ein del av klubbåtane er opptekne. Fint difor om dei som vil vera med og nytta klubbmateriell tek kontakt på 988 74 253 på førehand. Eivind vert turvert :-)

fredag, august 13, 2010

Ny barnekajakk

Som ein lekk i Havstril si satsing på barn og unge, har me fått på plass endå ein barne- og ungdomskajakk. Dette er ein KayakPro Namu Kid, ein av dei råaste kajakkane me har sett. Meir info om han kjem her snart.

onsdag, august 11, 2010

Sveholmen kl 19:30

Me padlar frå Sveholmen i morgon klokka 19:30. Det er meldt fint vêr, særs moderat vind, og delvis skya.

tirsdag, august 10, 2010

Rullekurs med Lidun

Torsdag 26. august vert det rullekurs med Lidun Hareide på Sveholmen. Pris vert sjølvkost, alt etter kor mange som har interesse av å vera med. Påmeldin skjer via e-post til padleklubbens leiar.

mandag, august 09, 2010

Invitasjon til padling i Fitjar / Bømlo til helgja

Lyst å padla frå Fitjar til Bømlo, eller ta kanalane på Bømlo på ein dags- eller overnattingstur? Eivind skal ned og padla med padlevener frå Sunnhordland og BSI. Han startar truleg frå Fitjar torsdag, og padlar seg ned til Bømlo, der det vert høve til å kopla seg på for dei som berre vil ha ein dags- eller enkeltståande overnatting (dette blir truleg laurdag/sundag). Alle detaljane er ikkje klare enno, men ring 932 19 866 dersom du er interessert i år bli med.

Dette er ein privat arrangert tur, men alle interesserte er inviterte til å bli med.

Les meir om tidlegare klubbtur til kanalane på Bømlo.

lørdag, august 07, 2010

Kontakt Eivind ved spørsmål

Leiaren har drukna mobil og SIM-kort. Ved spørsmål om Havstril, turar og lån av utstyr ta kontakt med Eivind Møgster ved å ringa eller senda SMS til 932 19 866.

Godt oppmøte i regnet

Seks nye fjes på klubbpadling denne veka. Ikkje verst, vêrmeldingane teke i betraktning. Me padla sørom Spissøy, nord Spissøysundet, forbi gamle Bakkasund og på nordsida av Nautøy, og så gjennom den flotte, grunne straumen. Vidare gjekk turen til Kalve, der me tradisjonen tru nesten fekk geitebukkar om bord, før me gjekk ut til Storhavet, der det ikkje var andre krusningar enn dei etterkvart rett så store regndråpane frå himmelslusene å sjå. Deretter padla me attende til Sveholmen, akkompagnert av regnet som slo mot havoverflata.

tirsdag, august 03, 2010