onsdag, oktober 27, 2010

Tilbod frå Eian

Lyst på ei Werner-åre eller Seals-trekk? Eian fritid gjev no 15 prosent i klubbrabatt på alt av dette dei har på lager.

fredag, oktober 15, 2010

Ny kajakk i Havstril-flåten

I samband med at me held på å fornye flåten vår, fekk me eit tilbod me ikkje kunne motså frå Kyrre i God Tur. Me fekk kjøpt ein Valley Aquanaut LV (les meir) i kompositt/glasfiber for om lag halv pris, rett nok er han ein brukt demobåt, men godt heldt og utstyrt med kjølstripe.

Det er fyrst og fremst pengegåva frå Sparebanken vest som hjelper oss til å investera i denne båten, som er godt eigna for større barn, ungdom og kvinner, sjølv om han slett ikkje er ueffen som leikebåt for dei større kallane heller.

Nydeleg i måneskinet

Det var litt sjukdom i havstrilleiren i går, så me har berre tre stykk som sette ut frå Beinskrokjen. Fyrst tok me oss ein liten tur ut i dei relativt heftige byljene nordfor Buseholmen, før me tok vegen inn i lunare farvatn i Drønspollen. Her fekk me med oss ein flott halvmåne etter at sola hadde gått ned.

Det vart nok ein retteleg flott hausttur, men etter at skyene dekka til fylgjesvenen vår der oppe på himmelen var det kanskje litt i mørkaste laget.

 Når det er sagt hadde me godt med lanterner/diodelys med oss.

mandag, oktober 11, 2010

Beinskrokjen kl 18, torsdag

Avgang: kl 18. Stad: Småbåthamna i Beinskrokjen. Ansvarleg aktivitetsleiar: Eivind Møgster mob 9321 9866.

Det er sjølvsagt høve til å henta utstyr på Sveholmen. Der skal det vera isoporadapter til takgrind og stropper nok til tre kajakkar på taket.

Det er meldt ein del vind frå nord. Det kan dermed kanskje vera duka for litt bylgjeleik vest av Drøno.

tirsdag, oktober 05, 2010

Haukanespollen, oppmøte kl 18:20, HI, Austevoll

Haukanespollen er i fantastisk haustskrud. Den særmerkte opplevinga av å padla midt i Austevoll med ei kjensla av å vera 1 000 kilometer frå næraste sivilisasjon er vel verdt å få med seg på denne årstida.

Det vert oppmøte på parkeringsplassen framfor havbruksstasjonen, der Torfinn Grav har gjeve oss grønt lys til å parkera. Deretter padlar me pollane innover mot Eido.

Spørsmål kan rettast til Trond Hagenes mob 988 74 253

fredag, oktober 01, 2010

10.000 frå Sparebanken Vest - og fin hausttur


Sparebanken Vest møtte opp på Sveholmen før klubbpadlinga i går, og hadde med seg godsaker i sekken. Avdelingsbanksjef Ragnhild H. Bjånesøy (i midten) og Turid Helen Gangsøy gav oss 10.000 kroner til klubbarbeidet vårt.

Havstril-leiar Trond Hagenes takka for støtta frå banken og for godorda. Samstundes understreka han at utan støtta frå Sparebanken og andre næringslivsaktørar i Austevoll hadde det ikkje sett ut slik det gjer i klubbnaustet.

Takk for støtta!

Me var seks som padla ut frå Sveholmen, mellom oss ein  svaksynt medlem som takla både drag og dønningar på framifrå måte. Imponerane.

Dessutan la me oss heilt stille og lèt lydane i naturen, frå dei nære skvulpa til drønnet av havet som slo mot land i vest og sør-vest.

Neste veke padlar me naturskjøne Haukanespollen. Kor me startar vert kunngjort på bloggen tidleg til veka.