Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
tirsdag, mai 29, 2007
Haukanespollen torsdag
Møt opp i den vesle vika før du er kjørt heilt ned til Kolbeinshamn og ver med å padla Haukanespollen heilt inn til den vidgjetne Ordførarsvingen: Nina M. leiar for Havstril.
16 000 frå SpV

Havstril var ein av dei heldigaste då Sparebanken Vest delte ut grunkar til lokale allmennyttinge føremål. Me stakk av med heile 16 000 kroner, som me vonar skal helda til innkjøp av ein kajakk for ungdom eller ein småvekst vaksen. (Foto: Havstril-leiar Trond Hagenes tok i mot prov på 16 000 i støtte frå SpV, fotograf: I.M. Fagerbakke, Marsteinen).
mandag, mai 28, 2007
Kjekt på kurs



fredag, mai 25, 2007
Fint på austsida

Me følgde Huftarøya heilt inn til munningen av Haukanespollen, deretter bisna me nærare på Kumløyi, Eidholmane (der Ole Rasmus i nærleiken har reist seg ei kjempefin, men i storleik nøktern hytte). På vegen attende stakk ein av oss heimoverm, medan den attståande trioen padla inn i Paraket.
Neste veke vert det padling med avgong vika inne i Kolbeinshamn. Målet er padla Haukanes-, og Ytrepollen til ende.
tirsdag, mai 22, 2007
Teknikkurset flytta
Grunna at mange av interessentane til teknikkurset vårt ikkje kunna delta helge med 9. -10 juni, protesterte me ikkje då instruktør Torbjørn Nordeide ville flytta kurset grunna dobbelbooking frå NPF. Ny dato er 11.-12. august.
Frå Vasseidet
Me prøv ar oss frå Vasseidet (på slutten av Birkelandsvegen) på torsdag. Alt etter vêr og vind og andre tilhøve sjekkar me ut Paraket og øyane utanforbi Austre Storebøvik.
Nesten fullt introkurs
Me har enno eit par ledige plassar på introkurset den 28. mai. Dei som haer lyst å vera med må dermed skunda seg! Elles set me opp eit nytt kurs den 16. juni, som er ein laurdag. Då vert oppmøte Gråsidalen, og det vert etterfølgd av kajakkdemo. Havstril-medlemmane får sterkt reduserte prisar ved kjøp av kajakkar og anna padleutstyr.
mandag, mai 21, 2007
PR-framstøt i Vikjo

fredag, mai 18, 2007
Aktiv tek over introkurset
Grunna formalistiske saker, tek Aktiv AS over kurset som Njord skulle arrangera for oss den 28. mai. Innhaldet vert så og seia det same som det elles ville vore. Kajakkmodellane vert litt ansleis, men dette vil knapt merkast for nybyrjarar.
søndag, mai 13, 2007
17.-mai padling
For dei som lurte på det, tek me ikkje sikte på å padla med flagga til topps og laga langt kajakkonvoi på nasjonaldagen. :-) Ta med kajakken til Bekkjarvik på laurdag. Me prøver å laga litt ekstra blest om klubben i det det skjer mykje i Vikjo den dagen.
fredag, mai 11, 2007
Tilbod om klubb-piqué

Vil du ha ei piquéskjorte av god kvalitet med klubblogoen brodert? Då har du sjansen for den nette sum av 300,- Me tek imot bestillingar, men tingar ikkje før me har minst 15 tingingar. Send sms 988 74 253, ring same nr eller nytt mail.
Straumane og motvind

Berre fire sjeler torsdag. Kvalitet er viktigare enn kvantitet, som det heiter. Dessutan ein merkedag fordi me hadde med den første hundvåkaren på fellespadling: Ole Bjarte. Uansett: Me padla frå Gråsidalen via Hyltropollen til Ministraumen (:-P) og rundt Straumsøya, gjennom Småstraumane og attende. På vegen sørover fekk me litt bølgjer (nesten surf) på vegen. Litt utfordrande viss du gjekk litt på tvers og fekk bølgjer og refleks inn frå sidene. Heimatt var det heftig motvind og ditto bølgjer, men sidan alt var regelmessig var det berre å bita tennene saman og padla på. Fekk litt sjø i trynet, og var for første gong på lenge glad for spruttrekket mitt.
Prøvde Inukshuk-en for første gong. Ein kjempebåt. Stabil, men litt moro likevel. Av polythylenkajakkane er har prøvt den aller beste. Spesielt fin med desse bølgjene som kom inn frå sida. Med siroccoen hadde eg nok slite ein del meir...
TrH
torsdag, mai 10, 2007
tirsdag, mai 08, 2007
Invitasjon frå Sunnhordland padleklubb
"Vil invitere dei av dykk som har tid og lyst på padletur i dei flotte Fitjarøyane i lag med oss i Sunnhordland Padlklubb og evt. andre i pinsa. Me legg ut laurdag ca kl14.00 (frå Fitjar sentrum dersom vi vert mange)og satsar på ein tur med ei overnatting i telt muligens på Slåtterøy.
Har ikkje lagt opp rute eller program så det vert å ta med godt humør, mat og drikke og det ein elles treng for turen og så ta ting litt på sparket. Det er ikkje naudsynt med påmelding men det er sjølvsagt kjekt om de melder interesse anten til meg eller ein av dei andre i styret."
Kontakt: Kjetil.hjelle@haugnett.no, kjetil.hjelle@vik-sandvik.com
Mobil 95277189, heime 53499018, arbeid 53457084
Har ikkje lagt opp rute eller program så det vert å ta med godt humør, mat og drikke og det ein elles treng for turen og så ta ting litt på sparket. Det er ikkje naudsynt med påmelding men det er sjølvsagt kjekt om de melder interesse anten til meg eller ein av dei andre i styret."
Kontakt: Kjetil.hjelle@haugnett.no, kjetil.hjelle@vik-sandvik.com
Mobil 95277189, heime 53499018, arbeid 53457084
mandag, mai 07, 2007
Møt opp torsdag!
Padledagen går frå Gråsidalen klokka 19.00. Nina har snakka med Marsteinen, som sender ein journalist som skal skriva om klubben. Difor hadde det vore nydeleg med litt ekstra aktivitet og mange kajakkar på vatnet. Det kan verta aktuelt å padla Småstraumane, eller Rostøy and beyond alt etter vêrtilhøva, som no ikkje ser så verst ut.
søndag, mai 06, 2007
Heimesida lansert!
I dag vart Havstril padleklubb si heimeside endeleg gjort tilgjengeleg for alle etter si god stund med førebuingar. Det er styremedlem Rune Hugøy som har designa sidene. Bloggen kjem til å bestå som klubbens nyhendekanal.
fredag, mai 04, 2007
To på tur
Trass i finevêret var det berre to padlarar som møtte opp på Rostøy og sjøsette båtane sine ved slippen der. Me padla inn Drønspollen, kika litt rundt i Busesundet, før me tok sama vegen attende. Me vurderte ikkje å ta turen vestom grunna små, krappe bølgjer. Ein heilt grei vårtur, med andre ord.
onsdag, mai 02, 2007
Trynebok-gruppe
For dei som driv med slikt, kan det seiast at du finn ei Havstril-gruppe på facebook.com.
Abonner på:
Innlegg (Atom)