tirsdag, april 27, 2010

1. mai: Dugnaden startar klokka 10:30

Alle hender i arbeid 1. mai! Me feirar arbeidaranes dag med dugnad på Sveholmen. Oppstart kl 10:30. Me støyper fundament til sisternetanken, pluss at me truleg vil måla naustdøra. Blir me ekstra mange, kan me sikkert finna oppgåver på resten av fellesområda på øya (gangvegen etc).

mandag, april 26, 2010

Siste rest av klubb-t-skjorter

Me har nokre få att av denne t-skjorta i storleikane L og XL. Pris er som før kr 200. Send ein SMS på 988 74 253 eller e-post på info@havstrilpadleklubb.no for å tinga.

Vondt i viljen...

Ausande kaldt vårregn og sørleg sterk vind sette ein stoggar for padleiveren måndag. Hugs likevel dugnad lautrdag. Me er i gang med planlegging, og treng så mange hender i arbeid som mogleg.

lørdag, april 24, 2010

Stor fitjarøytur med Sunnhordland padleklubb

Storslått fleirdagarstur i nabokommunen. Sjå padlesiden.no for meir info.

Dugnad laurdag 1. mai

Me skal støypa fundament til sisternetanken, eventuelt måla naustdøra vår. Møt opp med pågangsmot, så tek me med litt å bita i og drikke. Meld gjerne frå om du kjem - SMS 988 74 253.

Padling frå Sveholmen

Me utforskar nordsida av Hundvåkøy, inklusive Navvågen måndag. Padlinga startar i sjutida (oppmøte kl 19).

mandag, april 19, 2010

Sveholmen-Kalve-Sveholmen


5 stk ute og padla. Tilbakela 9,5 kilometer på ein time og 45 minuttar - gjennomsnittsfart bedagelege 5,5 kilometer i timen.

Meir info om turen kjem etterkvart.

torsdag, april 15, 2010

Superkort dugnad

Me treng sterke menneske til å løfta sisternetanken på Sveholmen - åtte-ti stk treng me totalt. Dugnaden, som berre tek nokre få minutt, skjer fyrstkomande måndag klokka 18. Etterpå vert det padling!

Når me har fått koordinert oss, vert det ein dugnadslaurdag med forskaling og støyping av fundamentet til den store tanken, som skal gje oss vassforsyning dei neste åra.

tirsdag, april 13, 2010

Kort tur i pollen


















Lite oppmøte i Gråsidalen klokka 19 i går (men me gjekk visst glipp av Tom), så tre styrehavstrilar kjørte til Eido etter møtet sitt. Padla raskt inn i den pittoreske Søreidepollen, der mangt og mykje såg ut til å både stå til nedfalls eller flyta inntil oppdrifta vil opphøyra av seg sjølv. Novel, det var enkelte fine ting å sjå òg, slik som den vesle fine hytta på biletet bak Rune H.

Eller padla me og kika på båtane "Føyna" og "Charlotte", sjøauren som hoppa ved Åno, før me vende baugane og nasane heimatt.

Neste veke vert Sveholmen nok ein gang utgangspunkt for padling. Oppmøte klokka 18 (atterhald om endring av startstad viss vêrmeldingane vert for ille).

søndag, april 11, 2010

Stativ til kajakktransport

Har du takgrind kan du enkelt ta kajakkar frå naustet med deg på biltaket. Dette vert mogleg takka vera dei rimelege "isoporstativa" som det er enkelt å festa på takgrinda. I tillegg har me nokre takgrindstropper liggjande, men det kan vera greitt å ta med nokon sjølv også - helst tre meter lange for å festa kajakken med.

fredag, april 09, 2010

Frå Gråsidalen klokka 19

Måndag padlar me frå Gråsidalen klokka ca 19. Ikkje umogleg at turen går i retning Råtapollen/Melingsvågen. Leiaren har plass til ein ekstra kjakk på taket frå klubbhuset på Sveholmen. Gje lyd viss du er intr at han skal ta med seg ein kajakk til deg. 988 74 253.

torsdag, april 08, 2010

Padleven på Fritt og vilt

Vår gode ven Thomas Nicholson frå Bølgen og meg (som har levert fleire TideRACE-kajakkar personleg i Austevoll) er til stades På Fritt og Vilt-messa i Grieghallen frå 9. april til 11. april. Med seg har han god tilbod på Nookie-klede og utstyr og reduserte prisar på kajakkar.

Sementblandar til låns?

Me må støypa fundament til sisternetanken vår på Sveholmen, og øurte på om nokon kan låna oss ein god sementblandar ein ettermiddagsstund? legg igjen kommentar eller send SMS til 988 74 253 viss så er tilfelle...

tirsdag, april 06, 2010

Fire på tur

Litt blåst og bylgjer stoppa ikkje fire havstrilar frå å setja ut frå Sveholmen og padla langs nordsida av Spissøy. Me skremde opp ei handfull av grågås frå holmane nordanfor (haustens gåsestreik, noko?), før me kryssa inn det trange sundet mellom Nautøy og Storekalsøy og forbi eit enno påskestille Bakka og Bahus. I retning Klepsvik slo dei småfriske bylgjene over dekka på kajakkane.

Me tok oss inn i den vesle pollen nedanfor kyrkja på Storekalsøy, før me kryssa utatt i vinden. Me vart overflydd av ei stor havørn i låg høgde før me kom til Hillerøya, der eit skilt illevarslande fortalde oss at me ingenting påland hadde å gjera. I livda heldt me fram i retning sørpissen av Spissøy, der sønnavinden gjorde at det skvetta friskt i refleksbyljene.

Like etter kom endå to havørner tilsyne. Like på bortanfor leika dei stilleståande i motvinden, medan nokre kråke etter beste evne prøvde å nappa dei i halefjøra. På vegen inn mot Spissøy fekk me god snurf i baken eit lite stykke.

Ein flott debut på fellespadlinga.

Neste veke går turen kanskje frå Gråsidalen.

søndag, april 04, 2010

Nok ein vindfull måndag

Trass i meldingar på opptil 10 m/sek frå sør, satsar me på padling frå Sveholmen. Me padlar truleg i livd på nordsida av Hundvåkøy, og utforskar truleg Navvågen m.m.

lørdag, april 03, 2010

Måndagens fellespadling

Me padlar frå klokka 18 måndag - men grunna usikker vêrmelding er det ikkje enno sikkert at det vert frå Sveholmen. Sjekk bloggen i måndagsmorgonen. Viss det vert sterk sønnavinnd om kvelden, padlar me i ein av pollane.