torsdag, februar 25, 2010

N y dato for årsmøtet

Me satsar på torsdag 11. mars klokka 18. Stad vert prestagardskjellaren, med innlagt pizza under møtet! Vanlege årsmøtesaker og vedtak kring HMS-plakat og val av styre står på agendaen!

tirsdag, februar 23, 2010

søndag, februar 21, 2010

Hugs årsmøtet

Tysdag 23. februar klokka 19:00 på Bekkjarvik gjestgiveri. Sakslista innheld vanlege årsmøtesaker, val og godkjenning av HMS-plakaten.

fredag, februar 19, 2010

Er det ikkje vakkert, dere



Sveholmen, 19. februar 2010.

Priseksempel på fellestinging

Etter oppfording kjem eit par eksempel på klvating kjem til å kosta ved fellestinginga. Dette er estimat, ettersom valutasituasjonen kan endra seg.

Palm Stikine. Toppmodell tørrdrakt: 4.700,- (inklusiv norsk MVA).
(norsk utsalspris 7.260 + porto)
Meir info

Palm Torrent. Grei tørrdrakt: 3.750,- (inklusiv norsk MVA). (norsk utsalspris 5. 390 + porto)
Meir info


Werner Kalliste karbonåre med "bent shaft" for låg åreføring: 3.100,- (norsk utsalspris ligg mellom 3.900 og 5.500,-). Meir konkrete priseksempel kan skaffast.

torsdag, februar 18, 2010

Introkurs

Havstril kjem til å kjøra introkurs for vaksne òg når me kjem til seinvåren/forsommaren. Me kjem attende med datoar på vårparten.

fredag, februar 12, 2010

18 056 i tippemidlar

Havstril har fått tilsagn om 18 566 kroner i tippemidlar til utstyr. Desse summen vert nytta til å kjøpa ein stykk ny, prima North Shore Polar, som me vonar skal verta levert ein av dei fyrste vekene!

torsdag, februar 11, 2010

Fellestinging av padleutstyr

Me får mellom 20 - 30 prosents rabatt frå Up and Under ved tinging over 2 000 pund. Det betyr i realiteten nærast halv pris av norsk utsalspris. Up and Under er gode på mellom anna Palm tørrdakter og Werner årer. Det er sikkert ikkje noko i vegen for å tinga andre ting frå Up and Under heller.

Likevel: Me må ha namn på produkttet, artikkelnr og storleik for å rekna ut prisen du må betala for det du vil tinga. Dette grunna at Up and Under gjev oss ulik prisreduskjon alt etter leverandør.

First for tinging er 15. mars 2010.

Kontigentane er sende ut

I løpet av nokre dagar skal alle ha motteke årets kontigent - nytt av året er medlemskort på giroen. Me legg òg ved årets ferske Havstril-pin. Lekkert! Vonar dei fleste har høve til å betala innan fristen. Dei som ikkje vil fornya medlemsskapen kan gje melding på e-post eller SMS, så unngår me unødig administrasjonsarbeid.

tirsdag, februar 09, 2010

Valkomitéens innstilling

Forslag til styrerepresentantar og vararepresentantar, val på årsmøtet 23. februar d.a.:

Valkomité :
Camilla Solbakken
Oddbjørn Drivenes

Eit forslag med kandidater kom inn.
Telefonisk vart dei fleste kontakta, og spurt om dei ville halda fram.
Ein stadfesta statusen sin via elektronisk-brev.
Alle, utanom nestleiar, var positiv til å halda fram i posisjonen dei hadde.
En ny kandidat kom inn. Ho sa seg villig til å sitta i styret, og posisjon overlet ho styret å komme fram til.

Forslag:
Trond Hagenes - leiar
- nestleiar Open
Rune Hugøy - representant
Inger Uglenes - representant

Ny kandidat:
Ingunn Berge Vik - Sagt seg villig til å ta plass i styret

Vararepresentantar:
Ole Bjarte Austevoll - Vara
Eivind Møgster - Vara

Andre forslag :
Oddbjørn Drivenes
Yngve Ringdal.
Dei har sagt seg villige til å vera med i styret dersom det er bruk for dei.

mandag, februar 08, 2010

Gratulerer til Ole Bjarte

Havstril-medlem Ole Bjarte Austevoll er teken ut til Noregs tropp i kjelkehockey til Paralympics i Vancouver. Padleklubben gratulerer!

mandag, februar 01, 2010

Gratis ungdomskurs 19. juni


Havstril pk har fått støtte av Liv og Lyst på Storebø til gjennomføring av kajakkurs. Me leiger inn Morten Nygård frå Haugesund kk, som har spesialkompetanse på ungdomsarbeid, og tilbyr ungdommen GRATIS leike/introkurs, laurdag 19. juni på Sveholmen.

Sundag 20. juni gjev same Nygård dei vaknse havstrilane råd og vink og teknikk, gjerne i bylgjer og under rockhopping, dersom forholda er gode nok. Her set me prisen til 200,- per snute.