Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
torsdag, februar 28, 2008
Tinga t-skjorte eller hettegenser snarast
Me kjem snart til å senda tinging av hettegensrar og t-skjorter til trykkeriet. Dersom du vil ha grå eller svart i staden for kvit variant bør du ta kontakt med Trond på 988 74 253 før påskeferien. Prisen er 200 for t-skjorte og 350 for hettegenseren. Motiv ser du lenger nede på denne sida.
onsdag, februar 27, 2008
Nytt styre på plass

mandag, februar 25, 2008
20 prosent på Gullull
På jakt etter god ull under tørrdrakta, eller til bruk for andre friluftsaktivitetar. Ein av medlemmane våre har hjelpt oss til eit 20 prosents avslag ved fellestinging av ullprodukta herifrå. Leiaren har motteke særs gode referansar frå brukarar av ull frå dette selskapet, men har ikkje prøvt sjølv.
Tinging innan 1. mars på dei vanlege kanalane.
Lenken sjekkar du her.

Positivt næringsliv
Havstril padleklubb er også på banen i år for å søkja støtte hos næringslivet for å vidareutvikla klubbtilbodet vårt. Så langt har me fått støtte frå Sjøtroll Havbruk AS (5 000), Trygg Vesta (3 000), Bekkjarvik Gjestgiveri (3 000) og Havtrygd AS (2 500). Me reknar med at fleire vert med etter kvart. Me har òg søkt støtte gjennom Gildefondet og på dei allmennnyttige midlane hos Sparebanken Vest.
fredag, februar 22, 2008
Rockhoppingkurs
Havstril arbeider for å få på plass eitt eindagskurs i såkalla rockhopping i haust ein gong. Prisen vil vonaleg liggja på kring 1000 kroner for opplæring av professonell instruktør.
torsdag, februar 21, 2008
Rullekurs stadfesta

tirsdag, februar 19, 2008
Tinga t-skjorte eller hettegenser

fredag, februar 15, 2008
Årsmelding
Årsmøte vart i 2007 haldt medio februar. Interimstyret vart erstatta av eit styre beståande av Trond Hagenes (leiar), Nina Møgster (nestleiar), Liv Bente Storebø (kasserar) og Rune Hugøy (styremedlem). Varamedlemmar var Nils Ove Sørvik og Yngve Ringdal. Det vart i løpet av året arrangert fire styremøter.
I løpet av året vart medlemstalet meir enn fordobla. Ved utgangen av 2006 hadde klubben 18 medlemmar. Ved årsskiftet 2007/08 var talet 38.
Klubbens aktivitetar vart dokument på bloggen http://havstril.blogspot.com. Me hadde i underkant av 5 000 treff på bloggen i løpet av året. Seinare fekk me klubbens eigne heimeside oppe og gjekk. Her ligg meir generell informasjon om klubb, medlemsskap, materiell m.m.
2007 var det fyrste heile kalenderåret klubben har vore i drift. Sesongen starta friskt med torsdagstur rundt bruene holmane utanfor Storebø, ein tur på kring 15 kilometer alt i alt. Gjennom heile padlesesongen var torsdagspadlingane kjerneaktiviteten vår. Høgdepunktet var då åtte-ni medlemmar tok turen frå Rostøy og rundt Horgo.
Me hadde òg relativt godt oppmøte på kanalturen til 15. April til Bømlo. Seks havstrilar koste seg med kjempevêr og interessant kulturlandskap.
I 2007 arrangerte me to introkurs i havpadling i samarbeid med Aktiv. Me hadde til saman 19 deltakarar på desse kursa. I utgangspunktet skulle Havstril i løpet av fjoråret stilt med eigen aktivitetsleiar som kunne gje slike kurs, men grunna sjukdom på den aktuelle kursdatoen, trekte dette ut. I løpet av tidleg vår 2008 skal likevel dei naudsynte godkjenningane for sjølv å gje interesserte grunnleggjande innblikk i havpadlingas kunstar føreliggja.
Me hadde i 2007 planar om å arrangera eit todagars teknikkurs i havpadling. I tolvte time rente avboda inn i slikt monn at me vart nøydde til å avlysa kurset. Ein av dei andre planlagde aktivitetane me ikkje fekk gjennomført var Huftarøy rundt, som me flytta til 1. September. Heftig regn og ufyselege tilhøve sytte for at turen måtte avlysast. Likevel melder fleire medlemmar at Huftarøya er godt mogleg på ein finvêrsdag – sjølv med innlagt bålkos og rasting.
Me var til stades under maijubileet til Bekkjarvik torg, der både unge og eldre forsøkte seg som mannskap i K2-en vår, ”Eldjarnet”. Me delte ut informasjon om klubben og padleforbundet utan at responsen vart overveldande. Havstril forsøkte òg å organisera ein sjøspotdag i Gråsidalen, men berre eitt av dei andre laga stilte. For vår del falt datoen saman med det andre introkurset, men det var få eller ingen som var interessert i demo-utstyret som Torgeir Toppe hadde med seg.
Fyrste halvår vart vellukka med tanke på innhenting av sponsorkroner. Med store pengegåver frå mellom andre Møgster Management, Østerbris AS, Austevoll kraftlag BA og K. Halstensen, fekk me kjøpt inn fire kajakkar til klubben. Ein femte kom òg til etter tildeling av allmennyttige kroner frå Sparebanken Vest. Sparkjøp gav oss òg seks flytevester. I tillegg har Vital sponsa klubbens digitalkamera.
Av anna utstyr kjøpte klubben inn fire redningspakkar med åreposer og pumper, der ein vart stelt frå klubbhuset. Me disponerer fleire par årer, der dei fleste er kjøpt inn saman med kajakkane.
Mellombels kan det sjå ut som me treng å gjera utlån av kajakkane våre betre kjent for publikum. I utgangspunktet burde båtane kunna vera med å stimulera til auka innmelding av yngre medlemmar, noko som berre i noko utstrekking har funne stad. Det er òg truleg at det nokså ufyselege seinsommarvêret kan ha torpedert padleplanane til mange austevollingar.

torsdag, februar 14, 2008
Hugs gode padleklede i finvêret

Februar ser ut til å bringa med seg mykje finvêr. Når våren kjem, er det framleis vinterkaldt i vatnet. Minimum ein padlar bør på hå seg er våtdrakt (tommelfingerregelen er at du får 10 minuttar overleving i kaldt vatn per millimeter tjukkelse). Helst bør ein skaffa seg tørrdrakt som er ein retteleg god livsforsikring - gløym likevel ikkje hovdplagg - mykje av varmetapet viss du hamnar i vatnet kjem frå denne essensielle kroppsdelen.
Foto: Styremedlem i Havstril pk, Rune Hugøy med semitørrdarkt i det fine februarvêret.
fredag, februar 01, 2008
Klubbtilbod på ny NRS-tørrdrakt

Havstril har fått tilbod frå Ut i naturen på tørrdrakta NRS Inversion. Drakta kostar ordinært kroner 4 600, men havstrilane kan få henne for 3 850,-. Tinging må gjerast innan 1. mars. Meir info.
Abonner på:
Innlegg (Atom)