fredag, mai 29, 2009

"Austevoll Seafood" på plass

I dag var me og henta klubbens nye juvel, "Austevoll Seafood", på Krokeide. Båten vart levert av importør Thomas Nicolson hos Bølgen og meg. Den nye båten er ein TideRACE Xplore. Kajakken har eit utruleg fartspotensiale, men er likevel rett så leiken.

I tillegg har båten ei rekkje flotte detaljar og utruleg fin finish.

Neoprentrekk sit utruleg godt fast kring cockpitkanten på denne kajakken, så me rådar medlemmar som vil prøve han å nytta vanleg spruttrekk.

"Austevoll Seafood" er kjøpt inn som ein del av samarbeidsavtala Havstril padleklubb har med konsernet Austevoll Seafood. Me er stolte over å kunna assosiera oss med eit verdsomspennande fiskerikonsern som bærer namnet til heimkommunen vår.

Dugnad og meir dugnad

Havstrilane var alt anna enn mannsterke på dugnad i går. Eldsjelene Yngve og Eivind stod for arbeidet, medan dei i byrjinga vart distrahert av mannen med ti tommeltottar, Trond. Arbeidet med naustet viser no fin progresjon. Me må pynta litt på utsida: På murveggen er det mange sår, som må fyllast i, før me målar. Det lek også inn litt vatn ovanfrå, så her må det tettast.

Sjølve flyttinga av klubbutstyret kunne blitt gjort snarleg, men me må ha tilgang til ferskvatn før det.

I morgon laurdag er det fellesdugnad med UV-jegarane klokka 10:00. Møt opp!

tirsdag, mai 26, 2009

Meir dugnad

Torsdag klokka 19 er det duka for meir Havstril-dugnad på Sveholmen. Me satsar på å setja opp dør til kajakklageret vårt (sjå bilete). Vonaleg er me klare til å flytta inn like over månadsskiftet.

lørdag, mai 23, 2009

Kjekt på dugnad

Havstrilane som møtte på fellesdugnaden med undervassjegarane i dag, melder om mykje unnagjort arbeid og ein kjekk gjeng. Turleg vert det ny havstrildugnad på vår del av klubbhuset på torsdag og fellesdugnad igjen på laurdag.

fredag, mai 22, 2009

Stort sett opphald rundt Rostøy


Leiaren tok litt våtkortgjennomgan med tre nye havstrilar, før Eivind møtte opp og me tok ein roleg kosetur rundr Rostøy. Me bisna på steinbrot, pittoreske naust og gamle "Solnes", som enda sine dagar på 1960-talet etter eit forrykane uvêr. Framleis er det mogleg å padla inn i skroget på det som i fyrstinga var ein gamal kvalbåt. No er det mindre og mindre att.

På slutten gjennomførte tok me kameratredning to tre nye havstrilar fekk tildelt våttkort.

(foto: Vakkert naustmiljø på vestsida av Rostøy).

Fellesdugnad på Sveholmen laurdag!

Alle mann og kvinner i arbeid! Det sksl leggjast ny kai på Sveholmen. Materialar må bærast, gamle brytast opp og nye legjast ned. UV-jegarane stiller med ein tropp, og me kan vel ikkje vera dårlegare?

Oppmøte er klokka 10:00.

onsdag, mai 20, 2009

God dugnadsinnsats

Seks havstrilar stilte på dugnad på Sveholmen. Rommet vårt vart rydda og det vart reist stativ med plass til tolv kajakkar. Minst ein dugnadsdag til må til, mellom anna or å ferdiggjera dør.

tirsdag, mai 19, 2009

Gråsidalen klokka 20 torsdag

Me tek sikte på å padla nordover til Storholmen, fylgja Hundvåkøosen til Skår og ta rundt Krossøy og padla attende sørover frå Hufthamar. Oppmøte er klokka 20.

fredag, mai 15, 2009

Ny dato for Nærøyfjorden

Dato for klubbtur med fovernatting i Nærøyfjorden vert 15. - 16. august. Gje melding til Trond Hagenes per sms 988 74 253 eller e-post info@havstrilpadleklubb.no ved interesse for å delta på turen.

Dugnad på Spissøy

Det vert dugnad på padleklubbens del av klubbhuset på Spissøy fyrstkomande tysdag klokka 18. Ta med godt humør, eit og anna verktøy og arbeidsvilje.

Mange på padletur

Det var heile ti personar som tok årene fatt frå Gråsidalen torsdag. Nokre av dei var heilt ferskingar som fekk delar av introduksjonskurset i løpet av turen.

(På bilete ser me ein kajakksflåtes fortreffelegheit. Fotograf: R. Hugøy)

tirsdag, mai 12, 2009

Gråsidalen klokka 19:15

Torsdag vert padlinga frå seilforeningas naust. Oppmøte klokka 19:15.

fredag, mai 08, 2009

Kuling og bråttsjøar


Sjølv Småstraumane kan verta utfordrane i sterk straum, kuling og store bråttsjøar. Tre røynde havstrilar hadde hendene fulle då dei padla frå Straumsøya til Rostøy. Store skavlar, sterk straum og ditto vind gjorde at det var uvanleg utfordrande gjennom den midterste straumen ut frå Heimarkpollen. Men me klarte brasane alle saman, og Eivind forsøkte seg etterpå på kite-segling med sin kjære Seda Ikkuma.

Turen byrja med formaning om at me var galne som sette ut i slik vind. Tre røynde karar let seg ikkje skremma av litt sørleg vind, sjølv om det vart ganske heftig med motvind. Me stakk innom vika innanfor Olsen sin verkstad, vidare inn den vakraste Småstraumen. Over oss leika ei stor havørn seg i vinden.

Vidare glei me med straumen og mot vinden in i Heimarkpollen,før me sleit oss av garde mot Slorkjen. Solskinet heldt lukkelevis trioen under oppsyn. Inne i Slorkjen var det ikkje ei sjel å sjå, men ein hønsehauk glei på sitt grasisøse vis over tretopane.

På vegen heimatt fekk me rett så god surf i hekken. Bylgjene følgde oss til Straumsøya, der skavlane byrja gå kvite. Akkurat her fekk leiaren problem med spruttrekket, og fekk vatn inn i cockpiten sin,men påfylgjande problem med stabiliteten. Etter pumping og forsikring av at trekket etterpå var på plass sette me i gang med eit par med særs utfordrande teknisk padling.

Men kjekt var det.

(foto: På veg mot Småstraumane frå Rostøy - ein av dei få stadane der vinden ikkje fekk tak).

onsdag, mai 06, 2009

Samarbeid med Austevoll Seafood ASA

Havstril padleklub er stolte over at me i dag har inngått samarbeidsavtale med Austevoll Seafood ASA. Avtala går ut på at konsernet med adresse Alfabygget tilgodeser klubben med eit kronebeløp, mot at eit visst tal friplassar på kurs. I tillegg vil dei tilsette som løyser våttkort ha gratis tilgang til klubbens utstyr i ein toråsperiode frå dags dato.

tirsdag, mai 05, 2009

43 kontigentbetalingar så langt

Havstril pk registrerer at 43 personar så langt har betalt kontigenten for 2009. Av desse er seks nye medlemmar. Dermed ligg det godt til rette for at me vil oppleva ein monaleg medlemsmassevekst i 2009. ved utgangen av 2008 hadde me 53 betalande medlemmar.

søndag, mai 03, 2009

Rostøy torsdag

Me satsar på Rostøy som utgangspunkt torsdag. Oppmøte klokka 19. Padletid estimert til 2-3 timar, alt etter vertilhøva. Møt opp!

1. mai var det berre to stykk som padla frå Nordrevågen. Difor kjem det ingen rapport på bloggen, heller.

lørdag, mai 02, 2009

60.000,- til Sveholmen/Spissøy

Havstril og Austevoll uv-jegarar er sikra 60.000,- for innlegging av straum og vatn i det felles klubbhuset vårt, etter at kommunen gav prosjektet 30.000,- frå dei kommunale kulturmidlane, samstundes som Bergen- og omland friluftsråd har garantert å stilla like mange midlar til rådvelde.

Havstril ynskjer å rosa formannskapsmedlem Kjetil Østervold (Frp), som me meiner har talt saka vår, og vore instrumentell for at midlande kom på plass.