fredag, mars 28, 2008

"Knester" støttar padleklubben

Reiarlaget "Knester" gjev oss kr 5 000,- til utvikling av padleklubben. Me takkar stort for støtta!

torsdag, mars 27, 2008

Kong Vinter slo til

Sludd, snø og vind sette ein stoppar sjølv for dei best entusiastiske havpadlarane i Austevoll denne veka. Me prøvar med nytt mot om ei veke. Tid og stad kjem me attende til på tysdag, som vanleg.

T-skjorter og hettegensrar på veg

Havstril har no tinga t-skjorter og hettegensrar med design av Lena Haukanes, med ein detalj lagt til av vår eigen Rune Hugøy. Dei som har førehandstinga får melding om når produkta er i hus, medan dei andre medlemmane blir pusha på etter kvart... :-P

Materiell gitt til biblioteket

I samsvar med styrevedtak har Havstril padleklubb gitt dei dtre DVD-ane "This is the Sea", "This is the Sea II" og "This is the Sea III" til hovudbiblioteket på Storebø. Det same gjeld òg Gordon Browns bok "The Kayak". Dermed vert materiellet til glede for fleire, òg meir tilgjengeleg enn tidlegare.

tirsdag, mars 25, 2008

Gråsidalen

Oppmøte torsdag klokka 18:00. Me padlar anten straumane eller Drønspollen/ Drøna rundt. Veret ser bra ut. Svak sørleg vind.

søndag, mars 23, 2008

I mens...

kan me jo kika på eit par videoar. BSI med litt rockhopping. Og bylgjene va fleire meter høge. Vel nesten. Etterkvart får me kanskje lagt inn nokre havstrilvideoar på YouTube og?

mandag, mars 17, 2008

Medlemsvekst og fleire kroner

Medan det enno er is og snø på bakken, kan padleklubben registrera ei auke i medlemsmassen. Me er no 44 registrerte medlemmar i Austevoll sine padleklubb.

Vik Sandvik i Fitjar har òg gitt oss 5 000,- i sponsormidlar til klubbutvikling. Sponsorkronene så langt held til minst ein ny kajakk. Planen er å kjøpa inn ein Seda ikkuma 17 til bruk for klubbens medlemmar.

fredag, mars 14, 2008

Skærtorsdagspadling?

Det ser ut til å verta bra vêr på Skjertorsdag. Difor føresler me padling frå naustet i Gråsidalen. Men leiaren vil ha melding om nokon blir med. Send SMS på 988 74 253 før klokka 18 dagen i førevegen, eller skriv i boksen til venstre. Me bør vel vera klare til å padla rundt klokka 12.

Spissøy og Nautøy rundt

Delar av den harde kjerne av Havstril pk tok sesongens fyrste padletak torsdag. Etter at regnet stoppa i sekstida, og sola braut igjennom i vest-nordvest, sette me oss i kajakkane våre.

Me kom oss sør til Spissen av Spissøy, der Erholmen og skjera rundt gav oss både bølgjer, brytingar og surf Frydefulle kvin og djup konsentrasjon var den respektive responsen frå dei tre padlarane.

Forholda heldt fram å vera krevande, og me tok difor inn sundet mellom Spissøy og Nautøy. Stadig var det sjøfugl å sjå, som silender og skarv. Me padla roleg forbi den gamle handelsstaden Bakkasund, rundt Kvaløy. Den vesle straumen er berre 20 centimeter djup, men det er godt nok for ein kajakk. Då me kom på nordsida observere me eit stort krigsskip i Krossfjorden, men det freista ikkje å ta opp kampen.

Dermed sette me farten attende til utganspunktet. Det vart ein kort tur, men likevel fin og variert.

tirsdag, mars 11, 2008

Spissøy fyrst ut

Møt opp ved den vestre brupillaren på Bakkasundet kvart på seks på torsdag. Vêrmeldinga: "Regnbyger. Svak vind, 3,1 m/s fra vest-sørvest. 1 mm nedbør." for ettermiddag/kveld. Me padlar truleg inn ved Bakksundet og utforskar Kalsvika.

torsdag, mars 06, 2008

Nye sponsorkroner

Padleklubben har i dag fått tilsagn om 2 000,- frå ShoreConnection og 1 500,- frå Østervold Fiskeriselskap til klubbutvikling. Me takkar for pengegåvene!

Ny dato for rullekurset

Grunna krasj med Njord sitt havpadlesymposium på Møvik på Sotra på den oppphavelege datoen, flyttar med rullekurset med Eilert Winther fram med ei veke, til laurdag 24. mai. Løpande påmelding, maks åtte plassar.