Vår mann på nordsjosildfisket har sendt oss denne rapporten:
Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
søndag, juni 15, 2008
fredag, juni 13, 2008
Støtte frå Norwegian Hull Club og trelasten
Me takkar Norwegian Hull Club for støtta på 3 000,- og Austevoll trelast for 1 000 kroner.
torsdag, juni 12, 2008
Kansellert padling
Då kommunestyremøtet ser ut til å trekkja ut, og klubben ikkje kan stilla med leiar til kveldens padling, ser me oss nøydde til å kansellera i 12. time. Dette også utfrå omsynet til at den friske vinden kan føra til nokså utfordrande tilhøve for nybyrjarar.
onsdag, juni 11, 2008
Husavik på torsdag
Det er meldt ein god del nordvestleg vind i morgon. Me satsar difor på ein liten tur frå Husavik. Oppmøte er 19:30.
søndag, juni 08, 2008
Klubbrekord og kos


Ni havstrilar tok turen ut frå Nordrevågen i strålande sommarver torsdag. Ole Jan leia konvoien rundt Lunnøy, og me utforska mange spanande viker og støtte på ein og annan tjeld som sikkert var redd for reirplassen sin. Etter å ha kryssa over til Selbjørnlandet, var me innom Rabbavika og Kobbaneset fø® me staka ut kursen heimover.
På vegen fann havstrilpadlarane flaskepost frå Jeppe, som truleg har lite slektskap til herren på Bjerge.
Det blei det øving på kameratredning for to av klubbens nye medlemmar, under instruksjon av Trond.
5 000 frå Sparebanken Vest
Havstril var ein av dei hedige mottakarane av allmennyttige midlar frå Sparebanken Vest på torsdag. Etter underhalding av Havfruene delte Ragnhild Bjånesøy ut kring 150 000 kroner til austevollske prosjekt. Hpk fekk 5 000, og me takkar hjarteleg for støtta.
I fjor fekk me heile 16 500 hos banken. Som ein ekstra takk delte me ut seks flotte Havstril-t-skorter til dei tilsette i banken.
I fjor fekk me heile 16 500 hos banken. Som ein ekstra takk delte me ut seks flotte Havstril-t-skorter til dei tilsette i banken.
tirsdag, juni 03, 2008
Tørrdrakter på plass
Klubben har no tre tørrdrakter på plass: Ei NRS Inversion i dameutføring storleik L, to herredrakter av NRS Inversion i storleik XXL og XL. Me får inn ei i storleik L snart. Draktene kan lånast ved kontakt med leiaren - 988 74 253. Når me har skåp med lås i naustet, tek me sikte på å flytta dei ned dit...
Nøkkelen på plass hos Statoil
Då har Svein Arne fått nøkkelen. Han kan hentast ut av medlemmar som òg har med seg våttkort. Det skal skrivast under på låneavtale og kvitterast ut kvar gong ein hentar med seg nøkkelen. Unnatak for våttkortregelen er mellombels gjort for tre medlemmar. Dei veit sjølve om dette.
Frå Nordrevågen
Me tek kajakkane fett i Nordrevågen torsdag. Klokka blir 19:30 før me kjem av gardde, grunna utdeling av allmennyttige pengegåver frå Sparebanken Vest.
Nordrevågen er på Nordre Drivenes. Du kjører opp ved den gamle Doktorgarden, forbi tidlegare Fagertoppen. Når du kjem ned kneika tek du til venstre, og då ligg badevika til høgre etter omlag 250 meter.
Nordrevågen er på Nordre Drivenes. Du kjører opp ved den gamle Doktorgarden, forbi tidlegare Fagertoppen. Når du kjem ned kneika tek du til venstre, og då ligg badevika til høgre etter omlag 250 meter.
mandag, juni 02, 2008
Kjekt symposium



Njord sitt havpadlesymposium var eit innhaldsrik evenement. Det var minst tre havstrilar som koste seg saman med likesinna ved Langøy, Møvik and beyond i helga. Malin og Camilla prøvde seg med eskimoruller ala Thygesen, medan Trond sleit og fullførte padleforbundets aktivitetsleiarkurs. Leiaren kan dermed sjølv arrangera intro- og nybyrjarkurs for vordande havstrilar.Laurdagskvelden var det fleire interessante ting på programmet. Høgdepunktret var nok Justine C. som viste snuttar frå den komande godbiten "This is the Sea IV", både padling, naturkrefter og fauna såg særs imponerande ut på¨Sørøya på New Zealand. Filmen hennar kjem ut i november-desember, og blir heilt sikkert MINSt like inspirerande som føregjengarane.
Foto: Redningsteknikkar på aktivitetsleiarkurs, Torbjørn Nordeide - profesjonell havpadleinstruktør, Trond saman med Nigel Foster og kona til sistnemde, og sist men ikkje minst Justine Curvengen sprettar champisen ho fekk frå Eivind i Njord etter eit breathtaking føredrag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)