tirsdag, april 06, 2010

Fire på tur

Litt blåst og bylgjer stoppa ikkje fire havstrilar frå å setja ut frå Sveholmen og padla langs nordsida av Spissøy. Me skremde opp ei handfull av grågås frå holmane nordanfor (haustens gåsestreik, noko?), før me kryssa inn det trange sundet mellom Nautøy og Storekalsøy og forbi eit enno påskestille Bakka og Bahus. I retning Klepsvik slo dei småfriske bylgjene over dekka på kajakkane.

Me tok oss inn i den vesle pollen nedanfor kyrkja på Storekalsøy, før me kryssa utatt i vinden. Me vart overflydd av ei stor havørn i låg høgde før me kom til Hillerøya, der eit skilt illevarslande fortalde oss at me ingenting påland hadde å gjera. I livda heldt me fram i retning sørpissen av Spissøy, der sønnavinden gjorde at det skvetta friskt i refleksbyljene.

Like etter kom endå to havørner tilsyne. Like på bortanfor leika dei stilleståande i motvinden, medan nokre kråke etter beste evne prøvde å nappa dei i halefjøra. På vegen inn mot Spissøy fekk me god snurf i baken eit lite stykke.

Ein flott debut på fellespadlinga.

Neste veke går turen kanskje frå Gråsidalen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar