mandag, august 10, 2009

Heilstøypt teknikkurs



Dei fire havstrilane som var på NPF teknikkurs i helga, har berre godord om både kurs og instruktør, Morten Nygård. Forbundets Hilde Breiskalbakken hostipterte på kurset. Når nokon kjører åtte timar ein veg for å vera med på kurs, understrekar det kvaliteten på instruktøren. Nygård er tidlegare leiar i Haugesund kajakklubb.

Ein av deltakarane sine tankar om kurset:

Refleksjoner etter eit teknikkurs:

Nøkkelord: Rotasjoner, framdriftstak, kanting, gorillaposisjon, sveip, støttetak, magemusklar, telemarksving, sculling, sidevegsforflytning, svingtak, ”go’dag”-manøver.

Hovudmål for kurset var tryggleik i kajakk og det å kunna styra kajakken utan å mista fart.

Tre basisprinsipp danna ramme for teknisk og sikker padling:
1. BOKS som eit tenkt arbeidsrom
2. FAST ÅRETAK nært opptil 90 grader i alboger
3. SJØEN ER MIN VENN

Tryggleiken var i sentrum for alle, og me trente på kameratredning, cowboy-entry, eskimoredning og bergingsaksjon med slep. Prinsipp nr 3. blei flittig brukt i øvingssekvens med introduksjon til rulle, samt då me forska på ulike padleposisjoner i og på kajakken.

Eit nyttig tips for styringsteknikkane var konkavitetsregelen. Den konkave sida av padlebladet alltid vendt inn mot skrogsida.

Det blir ofte hevda at ein sjeldan bruker meir enn ein liten prosent av det ein lærer på kurs. Men dette teknikkurset var så nyttig og lærerikt at me kjem til å få bruk for alt. Så er det berre å kaste seg på bølgjan blå så snart råd er,- ”for øving gjer meister”

Masse ros til kursleiar og dei øvrige deltakarane for ein god, trygg og sikker atmosfære, ei utfordrande og lærerik helg med trivelege folk på sjø så vel som på land.

Gullmedalje til sprek nybakt mor, Camilla som tar teknikkurs tre månader etter fødsel.
Medalje til Hilde som kjørte heilt frå Oslo til Austevoll for å vera med på kurset ute i havgapet. Medalje også til Åse og Grethe som bakte skillingsbollar og lappar til lunsjen på kaien i Kolbeinsvik. Imponerande!

Austevoll er eit perleøyrike.

(Morten Nygård demonstrerer. Instruktøren på veg ut frå kai i Kolbeinsvik. foto: Trond Hagenes)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar