
Mellom Litla Lunnøya og Lunnøy, friska det på. Me fekk litt suft i hekken, og skaut fart i retning innseglinga til den beskytta hamna på øya. Det bur berre eit fåtals familiar på Lunnøy, men rorbuer har no spreidd seg òg.
Under vegs såg me mange store konsentrasjonar av glasmaneter, fleire måsungar, ein og annan tjeld og nokre terner som alltid heldt ei viss avstand til havstrilane.
Me kryssa attende til Selbjørn, og vinden spakna litt etter kvart. Me padla inn i ved Veivågen, bisna vidare på den vesle pollen ved Knut K. si hytte, før me tok vegen på innsida av Eikholmen og attende til utpadlingsplassen- Øvst på Eikholmen var det nokre store gjæss som observerte oss.
Totalt padla me 15,2 kilometer, gjennomsnittsfarten var temeleg nøyaktig 5,9 kilometer i timen. Det tok to timar og 34 minutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar