fredag, juli 25, 2008

Vakre Horgo




Offerstaden frå gamalt er bada i sommarsol. Blå krefter frå storhavet slår med avmålte krefter kvite kaskadar over skjera utanfor. Velkomen til Horgo.

Me padlar over Møkstrafjorden der han er på det smalaste, bak oss har me Møkster og Litlakalsøy. Dei små fartøya våre handterer skvalpesjøen med utprega eleganse i det me nærmar oss innseglinga til pollen. Sjølv på ein finvêrsdag ruskar kong Neptun til sjøen på kanten til Storhavet. Eg er langt frå nokon geolog, men bergartane i knausane som ynskjer oss velkomne, minnar litt om gulna skifer som er diagonalt stabla opp på kvarandre. Så tidleg skal som i 1923 skal Kolderup ha rekna dette området som eit av Vestlandets mest særprega geologiske felt, både grunna dominansen av kalkrike bergartar og utforminga til landskapet. I fylgje semesteroppgåva til Randi Danielsen og Lilian Skjolddal ved geologisk institutt i 1983 er det gneis og granitt som dominerer denne øya, sjølv om eit heilt utrent auga synest å observera mange av dei same særtrekka frå Møkster, storebror i sør.
Hist og her har nokre hardføre gule blomar klamra seg fast og ser ut til å ha suksess med sin versjon av ekstremsport - fotosyntese der ingen skulle tru at noko kunne gro.

Sandbotn og o-skjel
Framfor oss opnar pollen seg. Dei fem kajakkane får hjelp frå sjøen som flør inn i Veslestraumen og Store Vaula. Ein skjergardsjeep er fortøydd i idyllen. Ein schäferhund vanar nøgd i det grunne vatnet. Inntil han ser kajakkane. Han gøyr på oss, samstundes som han ser ut som han gjerne vil helsa litt nærare på desse rare sjødyra med folk oppi. Under kjølen min ser eg sand, skjel i mange ulike fasongar og tilfeldige vekstar. Brita Nordstrønen sankar delikattesar til grillen. O-skjelmusklar er ein sikker vinnar på familiens sommarstad på Pirholmen. Eg vert nesten freista til å kopiera eksempelet.
Etter å ha padla frå Rostøy, via Horgetrynet, vestom Møkster og til hamna i Litlakalsøy og attende til Horgo, er me svoltne. Yngve meiner det er ei smal sak å bæra farkostane våre over til Austrevågen. Han har rett. Dessutan er det langt frå så mykje folk i vågen som me hadde rekna med. Lengst inne i vika ligg det ein liten grasflekk og ei sandstrand og ventar på oss. Det er berre å parkera kajakkane, lasta ut eingongsgrill, stormkjøken, pølser, ris i pose, tomatketchup, solkrem og ta av seg padlevest og lata sola steika kroppane. Camilla kastar seg like godt ut i den varme sommarsjøen.
Livet er herlig, dere.

Offerplassen
Eg har aldri tidlegare sett disiplanes hestar på Horgo-jord. Sjølv om eg ein gang har padla rundt henne, har det ikkje slått meg tidlegare kor fascinerande øya er. Viker og vågar har nesten lukkast i å dela øya i to. Smeltar isen på Grønland, ser det dårleg ut for einskapen til øya.
Me gnafsar i oss ostebacongrill i polarbrød, den obligatoriske ketchupen og skvalpar det heile ned med mørk leskedrikk eller kafffi. Me pratar om kva kajakk som er den beste til ulike føremål, og let sommarpulsen verkeleg søkkja til eit lågmål.
Eg vandrar opp mot det som ein gang var domenet til dei fastbuane menneska på øya. På vegen opp kneika, studerer eg dei yrande sommarlivet i Austrevågen. Kvit glasfiber og blenkande rustfritt stål minnar om eit moderne liv, medan sjøhusa og dei andre bygningane på øya ser bra ut. Eg merkar meg at det ikkje er vegar på øya. Dei talrike spraglete ullnøsta ser skeptiske på meg. Dei glitrar i auga til ein av dei før han sprett av garde på stive bein, lukkeleg uvitande om at dei smakfulle låra hans sikkert endar i ein nøgd mage om nokre få månader. Like ved Lars Erling sitt hus ligg ein grunnmur, der berre litt av eit omnsrør stikk ut.
Eg blir trekt mot havet att. Den tilsynelatande dorske sjøen gjer jobben sin mot eit av skjera like utanfor dei bratte svaberga, Skinnbrokeskaget. Gje sjøen nokre tusen år til, så er det kanskje ikkje så mykje att. I dag kunne ein ha leika seg litt med kajakken rundt der det bryt, men tida strekk ikkje til. Ein seglbåt tøffar maskinelt forbi. Marstein fyr kan skodast over berga på Skansen. Sitkagranskogen på Kalve ser merkeleg malplassert ut, som ein tupé på avvege.
I ein av tidevasspølane har eit enormt tangblad forvilla seg. Det har nok sleppt taket i styggevêret, og ligg no som eit monument over andre vêrtilhøve. Når sommarsola slepp taket og gjev etter for litt regn og kuling forsvinn nok tanga og endar sine dagar på botnen av Blåmyra.
Horgo var etter gamalt ein offerplass. Her sette ein dei mindre funksjonelle i familien ut på kanten av berget, og dytta vedkommande ut i havet med ein stokk. I fylgje ei lokalhistorisk vevplass, var det spesielt viktig at alle dei andre heldt ei hand på stokken, slik at dei vart medskuldige. Kor mykje ekstra fangst eller avling offera førte med seg, fortel historien lite om.

Fråflytta
Det er meir enn 40 år sidan Horgo vart fråflytta. Skysskaren Lars O. Horgen tok familien sin med seg til Storebø, og det siste lyset frå dei fire husa på øya vart sløkt. Ei kort stund var det eigen skule på øya, medan det tidlegare vart undervist heime i stova på eit av husa på øya.
Bergen- og omland friluftsråd disponerer eit av husa til Horgo til utleige. Det vert mykje brukt om sommaren, både av kajakkpadlarar og båtfolk. Kring juletider vert det årleg åstad for Bergen havpadleklubbs julebord. Rykta fortel òg at eit besøk på øya inspirerte ein gjeng osingar til å stifta sin eigen padleklubb. Ikkje rart, så vakkert det er her lengst ute mot Storhavet.
Ved det gamle naustet i Vestrevågen held brørne Endre og Emil kvar andre i selskap i stranda, medan pappa Kurt gjer sitt beste til å få småtassane sine til å bli med på fotograferinga mi. Mamma Ingelin solar seg på bakken like ved. Emil gjer sitt beste for å overtyda underteikna om at sjokoladekjeks er den kortaste vegen til salegdomen. Men eg er i mitt ess her ute. Eg har nok funne meg ein ny favorittstad blant dei 667 øyane, holmane og skjera.
Vikene ville inspirert I. C. Dahl til å ta fram staffeliet. For min eigen del synest eg det er trist at telt og sovepose ikkje ligg pakka om bord i kajakken. Her har eg lyst til å bruka mykje meir tid. Grilla fleire pølser, fiska frå dei gamle offersvaberga, leika meg i brenningane med kajakk.

(Denne teksten kjem òg på trykk i Marsteinen)

=============================================

Utanom Horgo, padla me fyrst vestom Møkster. Det var relativt rotete sjø, og bylgjene var såpass store at dei andre padlarane av og til ikkje var synlege der dei duppa ned i bylgjene. Dette samstundes som sola steikte, og me kunne konstatera at d et verkeleg bryt ved Helgeskjeret sjølv ein vakker sommartorsdag.

Så møtte med tidlegare Havstril-medlem Arild Sunde og koa Astrid Mehus Sunde, som viste oss idyllen kring Kuøyi, før me gjorde landgang på ein vakker holme mellom Svinakalven og Langøy. Vakker stad å ta ein pust i bakken (sjå bilde 2).

Deretter padla me langs Lanøya, innimellom Kvisholmen og Risøy i retning Litlakalsøy. Ved hamna på Litlekalsøy, gjorde me vendereis, i retning Horgo.

På vegen såg me mellom anna ei andemor (sil- eller laksand), med det talrike kullet sitt. Både tjeld og måsar var å sjå både hist og her.

Totalt padla me i underkant av 30 kilometer. Me hadde to pausar på tilsaman to timar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar