Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
fredag, november 23, 2007
Klubbtilbod på Svalbard-tur
Me har fått tilbod på klubbpris på Svalbard-tur. Les meir om dette på wildlife.no si heimeside.
onsdag, november 21, 2007
T-skjorte på veg
Padleklubben er i ferd med å få utforma ei t-skjorte med padle- og austevollsmotiv som me kjem til å senda ut tilbod på saman med kontigentfornying, årsmelding og rekneskap. Meir informasjon kjem på nettsida om kort tid.
tirsdag, oktober 16, 2007
Slutt på torsdagspadling
Når solnedgang er i 18-tida, nyttar det lite å padla på anna enn føremiddag og sjølve dagen. Me set dermed strek for torsdagspadling, men tek oppatt åra i mars neste år. I mens vert det truleg ein og annan helgetur. Føl med på bloggen!
Me vil gjerne ha innspel om korleis me kan gjera klubben betre. Send inn tips på e-post eller i boksen til venstre.
Me vil gjerne ha innspel om korleis me kan gjera klubben betre. Send inn tips på e-post eller i boksen til venstre.
søndag, oktober 07, 2007
Heimesida oppdatert
Rune har oppdatert heimesida, mellom anna med info om "horgekalven". I samband med namnet på denne båten vurderte me ei stund å døypa K2-en om til Horgo :-)
torsdag, oktober 04, 2007
mandag, oktober 01, 2007
Torsdag frå Beinskrokjen
Sidan veret vert bra og eit par sjeler har lyst til å padla, tek me sjansen på å bebuda padling frå Beinskrokjen klokka 18:00. Tek med nokre ekstra lanterner, sidan skumringa sikkert kjem innan me er attende. Litt sønnavind gjer at me satsar på Drøns- og Busepollen.
Nuggets på Ut i naturen
Våre gode vener i Ut i naturen i Stavanger har flytta inn i nye lokale, og har stortilbod denne veka. Sjekk ut nettstaden.
tirsdag, september 18, 2007
Live-chat om padling
Sjå til venstre. Her kan me kommunisera meir direkte med kvarandre. Eg har t.d. lyst til å padla Haukanespollen no som haustfargane er på veg.
torsdag, september 13, 2007
Interesse for torsdagspadling
Kveldane ver5t kortare, lauva fell av trea, og det vert kaldarer i både luft og sjø. Hausten kan vera ei fin tid å padla på, men skal me halda fram med torsdagspadlingane i nokre veker til, må me starta klokka 18:00. I dag kom det ingen, bortsett frå leiaren, som hadde seg ein liten rundtur inne i Storebøvika etter å ha kostatert at sønnavinden friska på. Viss det ikkje kjem indikasjonar om at folk ønsker tilbodet om fellespadligar på kvardagar så seint i sesongen, skrinleggjer me dei fram til neste sesong, og satsar i staden på ein og annan føremiddagshelgetur når vêrmeldingane er glitrande. Skriv gjerne ei melding under om du har innspel, eller send ein e-post til info@havstrilpadleklubb.no
mandag, september 10, 2007
Ein del utstyr teke bort
Grunna svinn frå klubbhuset, tek me ein del av utstyret bort derifrå inntil vidare. Vestar, årer og kajakkar blir framleis å finna der, og me merkar utstyret retteleg godt så lenge.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

