torsdag, september 13, 2007

Interesse for torsdagspadling

Kveldane ver5t kortare, lauva fell av trea, og det vert kaldarer i både luft og sjø. Hausten kan vera ei fin tid å padla på, men skal me halda fram med torsdagspadlingane i nokre veker til, må me starta klokka 18:00. I dag kom det ingen, bortsett frå leiaren, som hadde seg ein liten rundtur inne i Storebøvika etter å ha kostatert at sønnavinden friska på. Viss det ikkje kjem indikasjonar om at folk ønsker tilbodet om fellespadligar på kvardagar så seint i sesongen, skrinleggjer me dei fram til neste sesong, og satsar i staden på ein og annan føremiddagshelgetur når vêrmeldingane er glitrande. Skriv gjerne ei melding under om du har innspel, eller send ein e-post til info@havstrilpadleklubb.no

2 kommentarer:

  1. kanskje vi kunne hatt en sms-liste over de som ønsker beskjed dersom noen bestemmer seg for en tur.
    camilla

    SvarSlett
  2. Eg trur at den greia i margen til venstre kan hjelpa på med tanke på når nokon vil ut å padla... Det einaste som krevst er jo å sjekka bloggen når det rykkjer i muskelen...

    SvarSlett