Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
tirsdag, september 18, 2007
Live-chat om padling
Sjå til venstre. Her kan me kommunisera meir direkte med kvarandre. Eg har t.d. lyst til å padla Haukanespollen no som haustfargane er på veg.
torsdag, september 13, 2007
Interesse for torsdagspadling
Kveldane ver5t kortare, lauva fell av trea, og det vert kaldarer i både luft og sjø. Hausten kan vera ei fin tid å padla på, men skal me halda fram med torsdagspadlingane i nokre veker til, må me starta klokka 18:00. I dag kom det ingen, bortsett frå leiaren, som hadde seg ein liten rundtur inne i Storebøvika etter å ha kostatert at sønnavinden friska på. Viss det ikkje kjem indikasjonar om at folk ønsker tilbodet om fellespadligar på kvardagar så seint i sesongen, skrinleggjer me dei fram til neste sesong, og satsar i staden på ein og annan føremiddagshelgetur når vêrmeldingane er glitrande. Skriv gjerne ei melding under om du har innspel, eller send ein e-post til info@havstrilpadleklubb.no
mandag, september 10, 2007
Ein del utstyr teke bort
Grunna svinn frå klubbhuset, tek me ein del av utstyret bort derifrå inntil vidare. Vestar, årer og kajakkar blir framleis å finna der, og me merkar utstyret retteleg godt så lenge.
Frå Gråsidalen
Det vert endå tidlegare mørkt, og me får difor satsa på avpadling klokka 18.00 på torsdag. Det er meldt sønnavind, men det kan sjølvsagt endra seg. Alt etter tilhøva, padlar me gjerne gjennom Drønspollen til Busepollen og heim att (vestom Drøno viss sønnavinden er moderat).
Diodelanterner til sals

Me har nokre lanterner til bruk på båt/vest etc. til sals til sjølvkost. Kr 110 per stykk. Me har dei i raudt og kvitt. Dei veg nokre få gram og er synlege på opptil 1,5 kilometers avstand.
onsdag, september 05, 2007
Padling viss interesse
Dersom nokon er interesserte i å padla på torsdag - gje ei melding i form av sms, telefon eller e-post så finn me på noko. Det har vore skrøpeleg oppmøte i det siste, men dersom noko vil ut går det sjølvsagt kjempe.
mandag, september 03, 2007
Etterlysing!
Me saknar eitt stykk pumpe og ein årepose frå naustet. Har du ufråverande teke dei med deg? Gje oss melding om dette snarast :-)
Ingen Huftarøy Rundt
Grunna det ofseleg lite padlevekkjande vêret på laurdag vart det ikkje noko av turen rundt Huftarøy. Til neste sesong kjem me truleg til å ta slike turar meir på sparket i staden for å setja ein dato der ein er prisgitt godt vêr. Difor bør ein følgja ekstra godt med på denne ringe sida.
fredag, august 31, 2007
Lite oppmøte i finevêret

Berre tre havstrilar padla litt rundtomkring på torsdag. Grunna ein litt kald nordavind skinla me planane om Drøna rundt, og koste oss i staden litt i Småstraumane, som denne gangen var langt raskare og utfordrande enn for ei veke sidan. Det går no mot slutten av torsdagspadlingane. I midten av oktober vert det for mørkt til at det er realistisk å halda fram. I staden forsøkjer me oss på ei og anna padleøkt i helgane. Neste veke vert det òg frammøte klokka 18:30.
onsdag, august 29, 2007
Huftarøy rundt
Me har framleis planar om å padla rundt øya. Akkurat no ser ikkje vêrmeldingane så ille ut. Vestleg 3 m/sek på laurdag med ein og annan regndråpe, og sundag med solgløtt og 8 m/sek vestleg vind gjer at turen skulle vera grei skuring for dei fleste. Men me treng konkret attendemelding frå dei som vil vera med innan fredag! Ring Rune H. på tlf 992 63 886
Abonner på:
Innlegg (Atom)