fredag, desember 31, 2010

Godt nyttår

Godt nytt padleår til alle havstrilar. Frå og med 1. januar 2011 vert bloggen flytta til heimesida vår. Denne adressen vert liggjande som arkiv for dei fyrste fem åra med padleklubb i Austevoll.

lørdag, desember 25, 2010

Ingen romjulspadling

Dårlege meldingar ons- og torsdag. Ordtaket carpe diem gjeld visst framleis ;-) Me forsøkjer ved finevêrsdagar i januar i staden.

mandag, desember 20, 2010

3. februar 2011, Årsmøtedatoen

Bekkjarvik gjestgiveri let oss òg i 2011 helda årsmøte hos seg, utan kostnad for klubben. Det seg me storleg pris på. Møtet går av stabelen 3. februar 2011 kl 19:30.

Me har invitert føredragshaldar, og vartar nok oppmed nokre kaker og gjerne ein skvett kaffi.

lørdag, desember 11, 2010

Snart ferdig padleguide

Havstril manglar berre siste finpussen på trykksaken "Padleturar i Austevoll". Han får 12 sider, og er meint som ei miniinspriasjonskjelde for turistar og padlarar som ynskjer å utforska øyane våre med kajakk. Guiden vert trykt opp i noko avgrensa opplag, distribuert til medlemmane tidleg på nyåret, og vert i tillegg lagt ut på strategiske stadar i kommunen. Vidare vert han tilgjengeleg til å lasta ned som PDF på heimesida.

fredag, desember 10, 2010

Landgangen på plass

Då var landgangen på plass. Dermed har me ei retteleg turvande bryggje på plass. Nok ein gong takk til Sjøtroll havbruk for flytebryggja!

Dugnadskongen Rune Hevrøy fornekta seg ikkje, og tok også denne dagen turen frå Sandsli for å kosa seg med handverk i kulda. Eivind M., Rune Hevrøy og kluren av ein leiar deltok òg på sjølve bryggjedugnaden, medan Olav J. arbeidde godt og har fått inn ei terrase/skyvedør i eine enden av huset.

Variasjon over eit tema

Blir aldri lei av denne holmen, Praktfullt heile året.

fredag, november 26, 2010

Vinter på Sveholmen



Is på tidevasspyttane, knallblå himmel som sjøen speglar seg i, kvite måsar på jakt etter mat. Det er praktfullt på Sveholmen òg når gradestokken er blåfrosen og ein treng dobbelt opp med stilongs for å ikkje bli like frosen sjølv.

fredag, november 19, 2010

Glimt frå dugnad

Fem og ein halv mann i arbeid med bryggja etc. Leideren er enno ikkje på plass, men vel utført arbeid.

onsdag, november 17, 2010

Dugnad i morgon torsdag

Oppmøte klokka 15 for bæring av gangbru, flytting av ilar, festing av flyrtebryggje. Me treng mange hender, så møt opp!

fredag, november 12, 2010

Samtak og sakte framgang

SVEHOLMEN: Kaien er snart ferdig, motorhuset er slamma på alle sider, renna til vassforsyninga er på plass - neste veke skal bryggja vår leggjast retteleg på plass - då treng me fleire hender i arbeid, for bæring av landgang etc. Bli med, bli med!

Det må seiast at Rune Hevrøy har gjort ein kjempejobb med stort og smått på holmen i haust.

onsdag, november 10, 2010

Dugnad og i morgon

Torsdag frå ca 13:30 og utover. Ta med hammar og godt humør. Me ordnar vonaleg resten.

mandag, november 08, 2010

onsdag, november 03, 2010

Dugnadsoffensiv

Alle som har høve: Me startar ein liten dugnadsoffensiv i morgon på Sveholmen.

Me treng mange hender i arbeid. Oppgåver er alt frå ferdiggjering av kai, oppsetting av renner, slamming av bunkersen, vasking i "stova" ovanpå - her trengst det salmiakk etter minkbesøk etc.

Me er til stades frå klokka ca 14 og utover. Spørsmål kan rettast til Rune Hevrøy 908 57 425.

Uansett er det KULT å ha med hammar. :-)

onsdag, oktober 27, 2010

Tilbod frå Eian

Lyst på ei Werner-åre eller Seals-trekk? Eian fritid gjev no 15 prosent i klubbrabatt på alt av dette dei har på lager.

torsdag, oktober 21, 2010

fredag, oktober 15, 2010

Ny kajakk i Havstril-flåten

I samband med at me held på å fornye flåten vår, fekk me eit tilbod me ikkje kunne motså frå Kyrre i God Tur. Me fekk kjøpt ein Valley Aquanaut LV (les meir) i kompositt/glasfiber for om lag halv pris, rett nok er han ein brukt demobåt, men godt heldt og utstyrt med kjølstripe.

Det er fyrst og fremst pengegåva frå Sparebanken vest som hjelper oss til å investera i denne båten, som er godt eigna for større barn, ungdom og kvinner, sjølv om han slett ikkje er ueffen som leikebåt for dei større kallane heller.

Nydeleg i måneskinet

Det var litt sjukdom i havstrilleiren i går, så me har berre tre stykk som sette ut frå Beinskrokjen. Fyrst tok me oss ein liten tur ut i dei relativt heftige byljene nordfor Buseholmen, før me tok vegen inn i lunare farvatn i Drønspollen. Her fekk me med oss ein flott halvmåne etter at sola hadde gått ned.

Det vart nok ein retteleg flott hausttur, men etter at skyene dekka til fylgjesvenen vår der oppe på himmelen var det kanskje litt i mørkaste laget.

 Når det er sagt hadde me godt med lanterner/diodelys med oss.

mandag, oktober 11, 2010

Beinskrokjen kl 18, torsdag

Avgang: kl 18. Stad: Småbåthamna i Beinskrokjen. Ansvarleg aktivitetsleiar: Eivind Møgster mob 9321 9866.

Det er sjølvsagt høve til å henta utstyr på Sveholmen. Der skal det vera isoporadapter til takgrind og stropper nok til tre kajakkar på taket.

Det er meldt ein del vind frå nord. Det kan dermed kanskje vera duka for litt bylgjeleik vest av Drøno.