Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
fredag, april 24, 2009
Fint ved Storekalsøy
Fire ivrige havstrilar sette ut frå Spissøy, i nordleg kurs, inn straumen mellom Kvaløy og Storekalsøy, der det på fjøra var endå grunnare enn vanleg. Me padla forbi butikken på Bahus (bilete), forbi eit par av dei styggaste fabrikkbygga i kommunen. På vegen traff me på ein av dei lokale hekkebestandane av grågås, som overraska med å komma seg kjapt i lufta trass i dei store, tunge skrottane sine.
Me tok eit gamalt tørrmura båtdrag i augesyn i Hillevika, før me padla stilt og roleg i livda til Kalve. Me forsøkta å komma oss igjennom to små straumar for å sjå på storhavet, men vasstanden var for låg.
Dermed padla me attende tvers over Kalsvika, og tok denne gongen vegen forbi det gamle kremmarleiet Bakkasund, og heimatt til Spissøy rundt sørsida av øya, der det var litt rotete sjø.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar