Havstril-styret har i 2009 bestått av Trond Hagenes (leiar), Malin Sjursen Sørvik (nestleiar), Inger C. Uglenes (medlem og repr. til Austevoll idrettsråd) og Rune Hugøy. Det vart avheldt fire styremøter, og referat frå desse vart i hovudsak lagt ut på heimesida havstrilpadleklubb.no kort tid etter møta hadde funne stad.
Medlemsmassen auka til 73 betalande medlemmar ved utgangen av året. Det er ei auke på 20 frå 2008. Storparten av medlemsauka skriv seg frå den nordre delen av Austevoll, og frå utflytta austevollingar som gjerne nyttar klubbtilboda når dei er heime på fri/ferie. Me har få medlemmar under 18 år, og opplevde ein liten reduksjon på dette området, då to medlemmar i ungdomsskulealder ikkje fornya medlemsskapet sitt i 2009.
Den viktigaste hendinga i 2009 var inngått avtale med Austevoll undervassjegarar om felles disponering av klubbhus på Sveholmen ved Bakkasundsbrua. For vår klubb betyr det i hovudtrekk at me får disponera motorrommet til lagring av kajakkar og utstyr. Sjølve flyttinga fann ikkje stad før i november, men staden er ein fenomenal base for kurs, turar med meir.
Så langt har me investert i ein aluminiumslandgang og bygd stativ frå eigen lomme, medan me frå fellesmidlar med UV-jegarane (gåver frå Sparebanken Vest og Austevoll kommune) har fått på plass mellom anna dør til motorrommet vårt og innlagd straum. Kraftlaget sponsa oss med tilknytinga, noko som normalt ville kosta 8 500,- Austevoll kommune gav oss og gebyrfritak for søknad om utlegging av flytebryggje. Dette er ei innsparing på om lag 5 500 kroner.
Inntektene i 2009 vart moneleg større enn budsjettert. Dette skriv seg i fyrste rekke frå meir støtte frå næringslivet. Mellom anna er Havstril særs nøgd med ei avtale med Austevoll Seafood, som sikra oss ein splitter ny kajakk, mot eit par fordelar for tilsette i AUSS-konsernet. I tillegg vart med sponsa med ein ny kajakk av DnB Nor-Sparebankstiftelsen, og 7 000 kroner av Norfield Offshore på Austevollshella og 1 500 frå P/R Haugagut.
Det vart i tillegg til dei to kajakkane som vart kjøpt innfor midlar frå næringslivet, anskaffa endå ein kajakk. Dette var i utgangspunktet ein Valley Aquanaut HD, som me bytta med ein nesten ubrukt Valley Avocet etter kort tid. Det vart kjøpt inn ein god del anna utstyr også, slik som spruttrekk, kajakktralle, årer etc.
Hovudaktiviteten vår var torsdags- og seinare måndagspadlingane. Oppmøtet var ikkje like gode på desse padlingane som året i førevegen. Dette skuldast heilt sikkert at mange av dei mest aktive kvinnelege havstrilane var gravide, eller nettopp hadde fått barn. Dessutan hadde to av dei mest ivrige padlarane frå 2008 flytta frå kommunen. I tillegg vart aktivitetsleiaren pappa i september, så aktiviteten på padlefronten stogga noko tidlegare enn han elles hadde gjort. Året vart uansett avslutta 29. desember med fantastisk romjulspadling med seks deltakarar.
Det vart arrangert ein overnattingstur, som var prega av ekstrem endring av vêrtilhøve. Aktivitetsleiaren tok mange titals menneske gjennom introkurs i havpadling, noko som i tillegg til å vera viktig for klubbøkonomien, òg er ein viktig rekrutteringsaktivitet.
Klubben arrangerte teknikkurs i august. Berre fire medlemmar var med på dette, men kurset var ein suksess – skryt til intruktør Morten Nyborg er på sin plass – og er uansett ein viktig del i å få på plass fleire, sårt tiltrende aktivitetsleiarar.
Besøk på skular med kajakkvisning og prøving vart det ikkje tid til i 2009.
Bruk av klubbutstyr utanom dei organiserte aktivitetane viste ein liten oppgang i 2009, men er likevel noko lågt, ser ein dette i samanheng med det unikt gode tilbodet klubben gjev på dette tidspunktet.
Me gav tre nye DVD-ar til Austevoll folkebibliotek og sponsa i tillegg abonnement på bladet Padling.
Valkomiteen for 2010 består av Camilla Solbakken tlf 932 69 435 og Oddbjørn Drivenes 957 68 059.
Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
tirsdag, januar 26, 2010
mandag, januar 25, 2010
Dato for årsmøte
Havstril padleklubb arrangerer årsmøte - tysdag 23. februar 2010 klokka 19 på Bekkjarvik gjestgiveri. Det vert val av styre, framlegging av årsmelding og elles vanlege årsmøtesaker.
onsdag, januar 13, 2010
Austevoll kraftlag BA sponsa innlegging av straum
Leiinga i Austevoll krfatlag har bestemt seg for at innlegginga av straum på Sveholmen i sin heilskap vert gratis for Havstril pk/Austevoll undervassjegarar. Normalt er dette ein kostnad på 8 500,- NOK. Me takkar storleg for støtta frå kraftlaget.
onsdag, januar 06, 2010
Klubbskilt til holmen
Dei to respektive klubbane på Sveholmen har no flotte, nye PVC-skilt til å hengja opp på klubbhuset. Vakkert, blir det der ute etterkvart.
tirsdag, desember 29, 2009
Perfekt solskinspadling


Knallsol, blenkjande og flat havoverflate og snøkledde bergknausar gav strålande ramer for seks havstrilar på romjulspadling i dag.
Me sette ut frå Sveholmen/Spissøy og padla sørover langs øya- Brått såg me ei havørn som prøvde å sleppa unna nokre irriterande måkar med byttet sitt. Truleg gjekk det bra. Spissøysundet var nesten utan straum, og det var sjeldant idyllisk forbi den gamle handelsstaden Bakkasund, vidare forbi Kvaløy og inn i straumen ved Bakka, før me vende nasen mot Klepsvik, der pollen var islagt.
Leiaren koste seg med kaffi på dekk og kjeks til akkompagnement. Veret varma heilt urtleg, før me padla frå Klepsvik og rett over til sørspissen av Spissøya att. Like bak neset traff me Ørnulf Kalve igjen. Han tok til vengjene rett framfor den fyrste kajakken i gruppa vår, og sette seg i ei gran og studerte oss med sedvanleg stoisk ro. Tek me ikkje heilt feil, har me truffe på denne ørnevenen på nært hald tidlegare. Kanskje me skal ta med litt fisk til han på neste tur frå Spissøy.
Uansett, turen var fantastisk, sikten i sjøen heilt enorm. Konklusjonen er at me padlar alt for lite om vinteren, då me stort sett kan ha sjøen for oss sjølve. Det gjeld berre å ha ei god tørrdrakt, og kanskje nokre gode hanskar for oss som frys lett på fingrane.
søndag, desember 27, 2009
Romjulspadling tysdag
Oppmøte Spissøy ved Bakkasundbrua klokka 10:30. Me tek ein liten vinterpadletur på om lag halvannan time.
onsdag, desember 23, 2009
Ny klubbkajakk på nyåret
Me har for lengst tinga ein North Shore Polar som skal leverast frå Havpadlern på nyåret. Båten er ein meir leiken versjon av Buccaneer, som me alt har ein av i klubben. Buccaneeren skal me elles byggja litt om -setja inn større cockpitopning og installera ein KariTek senkekjøl.
Polar-en er kvit med oransje dekk. Meir info kjem når han vert levert,
tirsdag, desember 22, 2009
God jul til alle havstrilar
Havstril ynskjer god jul og eit retteleg godt nyttår til alle medlemmar og padlevener. Når det gjeld den bebuda romjulspadlinga, ser det ut til å verta ganske ufyseleg med minusgrader og vind dei fleste dagane. Blir det endringar i vêrtilhøva, vonar me likevel på ein litentur frå Spissøy mellom høgtidene.
fredag, desember 18, 2009
Gratulerer til Freya
Havstril ynskjer å gratulera padlaren Freya Hoffmeister med på ha lukkast på solapadlinga si rundt Australia. Det tyske havpadleikonet kom i mål tysdag senne veka. Meir kan du lasa til dømes på Kokatat sin blogg, eller på Freyas heimeside.
mandag, desember 14, 2009
Ikkje bassengtrening
Sidan det ikkje er kome nokre ynskje om eskimorullekurs i basseng, blir det ikkje arrangert i vinter. Me kjem likevel attende med rullekurs på forsommaren 2010 og då vert det i det rette elementet - sjøen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)