fredag, mai 29, 2009

"Austevoll Seafood" på plass

I dag var me og henta klubbens nye juvel, "Austevoll Seafood", på Krokeide. Båten vart levert av importør Thomas Nicolson hos Bølgen og meg. Den nye båten er ein TideRACE Xplore. Kajakken har eit utruleg fartspotensiale, men er likevel rett så leiken.

I tillegg har båten ei rekkje flotte detaljar og utruleg fin finish.

Neoprentrekk sit utruleg godt fast kring cockpitkanten på denne kajakken, så me rådar medlemmar som vil prøve han å nytta vanleg spruttrekk.

"Austevoll Seafood" er kjøpt inn som ein del av samarbeidsavtala Havstril padleklubb har med konsernet Austevoll Seafood. Me er stolte over å kunna assosiera oss med eit verdsomspennande fiskerikonsern som bærer namnet til heimkommunen vår.

Dugnad og meir dugnad

Havstrilane var alt anna enn mannsterke på dugnad i går. Eldsjelene Yngve og Eivind stod for arbeidet, medan dei i byrjinga vart distrahert av mannen med ti tommeltottar, Trond. Arbeidet med naustet viser no fin progresjon. Me må pynta litt på utsida: På murveggen er det mange sår, som må fyllast i, før me målar. Det lek også inn litt vatn ovanfrå, så her må det tettast.

Sjølve flyttinga av klubbutstyret kunne blitt gjort snarleg, men me må ha tilgang til ferskvatn før det.

I morgon laurdag er det fellesdugnad med UV-jegarane klokka 10:00. Møt opp!

tirsdag, mai 26, 2009

Meir dugnad

Torsdag klokka 19 er det duka for meir Havstril-dugnad på Sveholmen. Me satsar på å setja opp dør til kajakklageret vårt (sjå bilete). Vonaleg er me klare til å flytta inn like over månadsskiftet.

lørdag, mai 23, 2009

Kjekt på dugnad

Havstrilane som møtte på fellesdugnaden med undervassjegarane i dag, melder om mykje unnagjort arbeid og ein kjekk gjeng. Turleg vert det ny havstrildugnad på vår del av klubbhuset på torsdag og fellesdugnad igjen på laurdag.

fredag, mai 22, 2009

Stort sett opphald rundt Rostøy


Leiaren tok litt våtkortgjennomgan med tre nye havstrilar, før Eivind møtte opp og me tok ein roleg kosetur rundr Rostøy. Me bisna på steinbrot, pittoreske naust og gamle "Solnes", som enda sine dagar på 1960-talet etter eit forrykane uvêr. Framleis er det mogleg å padla inn i skroget på det som i fyrstinga var ein gamal kvalbåt. No er det mindre og mindre att.

På slutten gjennomførte tok me kameratredning to tre nye havstrilar fekk tildelt våttkort.

(foto: Vakkert naustmiljø på vestsida av Rostøy).

Fellesdugnad på Sveholmen laurdag!

Alle mann og kvinner i arbeid! Det sksl leggjast ny kai på Sveholmen. Materialar må bærast, gamle brytast opp og nye legjast ned. UV-jegarane stiller med ein tropp, og me kan vel ikkje vera dårlegare?

Oppmøte er klokka 10:00.

onsdag, mai 20, 2009

God dugnadsinnsats

Seks havstrilar stilte på dugnad på Sveholmen. Rommet vårt vart rydda og det vart reist stativ med plass til tolv kajakkar. Minst ein dugnadsdag til må til, mellom anna or å ferdiggjera dør.

tirsdag, mai 19, 2009

Gråsidalen klokka 20 torsdag

Me tek sikte på å padla nordover til Storholmen, fylgja Hundvåkøosen til Skår og ta rundt Krossøy og padla attende sørover frå Hufthamar. Oppmøte er klokka 20.

fredag, mai 15, 2009

Ny dato for Nærøyfjorden

Dato for klubbtur med fovernatting i Nærøyfjorden vert 15. - 16. august. Gje melding til Trond Hagenes per sms 988 74 253 eller e-post info@havstrilpadleklubb.no ved interesse for å delta på turen.