Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll - eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten.
mandag, september 15, 2008
Bahus/Bakksund torsdag
Oppmøte klokka 18. Rune H. leiar truleg sakene, ettersom leiaren er sett ut av spel av basiluskar av verste sort...
søndag, september 14, 2008
Avlysing av rockhopping
Me fekk ikkje nok folk før avbestillingsfristen, så me såg oss nøydde til å kansellera kurset neste helg...
fredag, september 12, 2008
To veker til
Me kjører to veker til med torsdagspadling, så kuttar me ut fordi det vert for mørkt tidleg. Etter dette skal me prøva å setja opp ein og annan helgepadling for dei som er interessert å lufta på padlearmen sjølv på den kaldaste årstida.Bilete: Haukanespollen kjem til å stå på programmet i haust. Her med utsikt til Loddo i skumringa.
Me treng fleire på rockhopping
Det er no berre tre stadfesta deltakarar på rockhopping/ bylgjeleikkurset vårt. Me treng 2-4 deltakarar ekstra for å gå i balanse. Påmelding må skje innan sundag. Ring Trond 988 74 253.
onsdag, september 10, 2008
Møt opp i Beinskrokjen
Klokka 18:30 i morgon, ruta går der veret tillet.
fredag, september 05, 2008
Valley på demo
Havstril pk og God Tur i C. Sundsgt er blitt samde om at me kan får ein stykk Valley Aquanaut og ein stykk Valley Nordkapp Enthusiast på demo i omlag ei veke på slutten av september. Begge båtane i polytylen. Me ser fram til å prøva godsakene...
Det var ingen torsdagstur
Berre turleiaren møtte opp i går, så det vart ingen Hpk-tur. Me satsar truleg på ein Marstein rundt neste veke viss veret tillet.
onsdag, september 03, 2008
Lars Verket på Ut i Naturen
Fin sak om dei meir metafysiske sider av hobbyen vår. Frå NRK.
tirsdag, september 02, 2008
Torsdag frå Spissøy
Oppmøte klokka 18:30. Ole Bjarte er padleguru. God tur!
mandag, september 01, 2008
Bilete frå Fitjar-turen
Tusen øyar, tusen mogligheter, ja takk begge deler, 10.30 la me Kråko bak oss og padla forbi perler med skifer, sjøbasseng, sydenstrender og villmarkspanel med ny Drygolin Ekstrem. Etter nokre hundre padletak var det berre urørte naturperler fri for mahognicrusarar og børsjeepar å sjå så langt zoomen på kameraet rakk.
Med på turen hadde me også klubben sin relativt ferske turkamarat, Garmin GPSmap 60Cx, som avla følgende raport:
Fyrste del av turen gjekk vest om Ivarsøy, gjennom Straumøysundet, forbi Ålforet, Tranøya over nyleia, zoomen på kartet fann et trangt sund ved Vassøy, som enda i ein lagune med fire rømmningsveger frå gamleskulen og hytta til Hestad, som bur i Kolbeinsvik.
GPS’en viste ein tilbakelagt distanse på 6,5 Nm og hadde våre i vore i omlag to timar, før vart liggjande stille 0,75 meter over vassflata i omlag ein time medan batteria vart lada med medbragte godbiter og inntrykka vart lagra i langtidsminnet.
Med kaffi i koppen vart kartet studert, forslag om vestleg kurs til Shetland vart forkasta og GPS-operatøren vann fram med ruteforslaget sitt for heimturen.
Videre viste loggen at turen gjekk mot nordaust gjennom Bakkasundet, mellom Torsdagsøya og Eggøya, gjennom Kyrkjesundet, over den speilblanke Nyleia, sør om Årabrotholmen og etter å nytta zoomen vart ny rute lagt gjennom Stora Siglo og vest om Bukkholmen gjennom Ivarsøysnaget, som går mellom fureholmen og ivarsøy.
Inspirert av eigenskapane til klubbens Sirocco, vart Andreas litt for ivrig med kantinga slik at han fekk testa badetemperaturen og fekk saltvatn i luggen. Etter att Siroccoen er komen på rett kjøl går turen vidare i Skateleid mot Engesund, kor det er ei gangbru over sundet frå Skateholmen til Gassen.
Siste sjarmetappe gjekk austom Gloppholmen og me registrerte mange fantastiske campinglokalitetar på vestsida av Stora Eldøy. Med Kråko i baugen, hjelmen på høgre hand og nesten utladda batteri, så hadde det våre kjekt om nye kanalen gjennom Kråko som er nesten ferdig, hadde våre open, slik att me kunne tatt ein liten snarvei og ikkje behøvd å padla ein einaste distanse for andre gang.
Då me kom inn att i Hellandsstraumen og var tilbake til utgangspungtet, viste loggen at me hadde tilbakelagt 14 Nm, våre på tur i fem og ein halv time, med 1 time og 15 minuttar stopptid og ein snittfart på 3,2 knop.
Takk for ein kjempetur!
Abonner på:
Innlegg (Atom)