fredag, juni 27, 2008

Vind, men kjekt på introkurs




Hagenes heldt, med hjelp av Hugøy, sitt fyrste introkurs for ti deltakarar på Spissøy sist tysdag. Det var uvanleg mykje nordavind, og eit par av båtane fekk veldig mykje vindfang. Det var vanskeleg å trena på åttetalspadling (sidevegs rørsle) med vind som ville lata det øvste årebladet fungera som segl.

Dei fleste viste fin innsats og smila kom på plass under vegs.

(Foto: Eli Larsen).

onsdag, juni 25, 2008

Frå Rostøy

Møt opp ved bryggja til Rune H. (til venstre ved brua - kjør forbi slippen til eit raund lite naust) klokka 19 i morgon for fellestur. Kvar turen går kjem an på vindretning og oppmøte.

Kansellering av Nærøyfjord-tur

Då me ikkje maktar å stilla med røynd turleiar, ser me oss nøydde til å kansellera turen til Nærøyfjorden i denne omgang. Me vil prøva å få til ein tur i slutten av august i staden...

fredag, juni 20, 2008

Demokajakk i naustet

Togeir og Jarl i Aktiv har lånt oss ein Boreal Design Baffin, som mellom andre Camilla har storlikt. Båten vert liggjande i omlag ei veke, og det er ganske store moglegheiter for at me kjøpet ein slik om ikkje så lenge. Båten vert teke med på introkurset på tysdag.

Moro i kulingen



Fire havstrilar sette ut frå Vassverket i frisk sørleg bris. Vinden var ikkje noko problem og dei små bylgjene hjelpte oss med å oppnå betre fart under vegs. Me sette kursen mot Naustheller det me bisna på nokre av nausta, og leika oss mellom bøyar og skjer. Så kom vinden. Bylgjene bygde seg opp til å halvannan meter, vinden var sterk i kasta. Leiaren vart straffa for å ha padla med halvope spruttrekk og måtte i le og lensa båten før ferda heldt fram på den teknisk relativt forfordrande kyssinga over mot Heimark.

I dei velse straumane innanfor var det roleg, og etterkvart sette me kursen heimover i motvinden. Me heldt oss godt inne ved land for å unngå den verste kampen mot beinalausen. Innimellom to styrtregnbyger kom sola, og det skine ein vakker regnboge over Vassverket til Odd Brekke, Geir Bergflødt og kompani.

(Foto: Ved Naustheler før vinden tok fart - i Småstraumane med bøttevis av regn før me sette ut i vindens rike att. Må huska å fotografera i bylgjer også :-S).

torsdag, juni 19, 2008

Flytta padlestad

Grunna grisevêret og den sørlege kulingen som er varsla i kveld, flyttar me padlestaden til Vassverket i Kvednane/Kjempefaret. Klokka vert 19:15 - i fall nokon kjem til Husavik er leiaren der inntil klokka 19:05...

onsdag, juni 18, 2008

Ny klubbkajakk snart i naustet

Havstril sin nye Seda Ikkuma 17 er kome til Stavanger. Ut i naturen skal berre få lov til å henta conteineren, pakka ut kajakkane som vert leverte, og setja vår på flaggruta. Me reknar med å ha han i naustet tidleg neste veke.

Føl med på bloggen.

Me lånar òg heim ein Boreal Design Baffin, som medlemmane kan testa i nokre dagar. Den skal vera på plass i løpet av fredagen. Me vonar å få nok pengar i klassen til at ein slik båt vert kjøpt inn på ettersommaren!

Føl med på bloggen.

tirsdag, juni 17, 2008

Sjøvettsdag på Trolandshamar skule



Oddbjørn, Camilla og Trond og fire Havstril-kajakkar var å sjå saman med elevar frå Trolandshamar skule inne i pollen på Torangsvågen tysdag. Havstrilane fortalde om padling, spesielle farar, om klubben og viste mellom anna kameratredning. Det såg ut til at fleire av elevane koste seg, og nokre av dei er allereie bebuda som kursdeltakarar utover sommaren!

Husavik denne torsdagen

Sidan det ikkje vart noko tur frå Husavik førre veke prøvar me igjen (kl 19:00). Ta med pølser og noko å drikka, så kan me ta landgang i den vakre vika på Blænesøya. Hagenes tek med eingangsgrillar :-)

Takk til "Gerda Marie"

Reiarlagert "Gerda Marie" har støtta Havstril padleklubb med heile 5 000,-. Me takkar hjarteleg for støtta...