tirsdag, august 07, 2007

Frå Søreide

Grunna nord-vest vind tør me ikkje satsa på Fugløy og dei ytste øyane på torsdag. Under mottoet betre føre var enn etter snar vert det difor oppmøte ved brua ved Eido/Søreide klokka 19. Me padlar straumane fram og attende.

fredag, august 03, 2007

Nytt introkurs i august

Me arrangerer nytt introkurs i samarbeid med Aktiv sundag 26. august. Me leggjer til litt ekstra padling og åreposeredning i høve til tidlegare Aktiv-kurs i år. Pris kjem me attende til. Påmelding til 988 74 253 eller nytt e-postadressa til venstre.

Godt oppmøte - grei tur


Seks havstrilar tok turen langs Selbjørn-landet torsdag, trass i utsikter til regn og basje vind. Trass dette vart utflukta fin, den. Me padla først inn i Fagerbakkevågen og tok gamlehuset til Olepokai i nærare augesyn, forbi Slåttevikja og inn til Kalvaneset. Mange fine vikjer og ditto naust og sjøhus å sjå. Me padla inn forbi holmane i Veivågen, der yngelen lekte seg på grunna, og vidare mot Rabbavikja. Her tok me padlataka mellom Olsen-båtane "Nordervon" og "Norderveg". Ein kajakkpadlar veit som eit lite lauv samanlikna med fiskeskip på 70 meter. Yngve fann seg ly frå regnet med å leggja kajakken under gummibåt som hengde frå davitane på ein ein lystbåt. Deretter fekk me litt meir utfordrande tilhøve. Me svinga ut frå Rabben i retning Djupavågen fekk me bølgjer frå sida og litt kraftigare vind enn tidlegare på turen. Likevel var det ingen som hadde problem med å nå turens siste mål. På vegen heimatt fekk me ein liten surf å leika oss med, ogh me avslutta turen to og ein halv time etter me starta han.

Neste veke satsar me på start frå Kvalvåg dersom det visar seg å vera havblikk. Om det vert meir baskete vêr startar me ved brua ved Eido/Søreide/Åsmundpollen. Føl med på Havstril-bloggen.

onsdag, august 01, 2007

Invitasjon til Fitarøyane

Sunnhordland Padleklubb ynskjer å invitere til ein tur i Fitjarøyane laurdag
18. - søndag 19. august. Det vert ein rundtur med ei overnatting i telt ein stad ute i øyriket. Både røynde og mindre røynde kan vere med og ein deler seg i grupper dersom
det viser seg å vere praktisk. Den som er interessert kan kontakte Odd Bondevik som er formann i klubben og vil vera kjentmann/turarrangør.
Tlf.91805525 eller e-post odd.bondevik@haugnett.no

mandag, juli 30, 2007

Padletak frå Nordrevågen

Me padlar frå Nordrevågen på torsdag. Litlalunnøy, og vikene og øyane nord-vestover langs Selbjørnlandet er naturlege stadar å gli forbi. Oppmøte er klokka 19.00. Låna klubbkajakk? Gje Trond ein pling på 988 74 253 før klokka 12 same dag.

tirsdag, juli 24, 2007

Eksimorulle og redningstrening

Møt opp i Vassnesvatnet klokka 19.00 på torsdag og bli med på eksimorulletrening og fokus på rendingsteknikkar (kamerat- og utriggarredning).

Påmelding teknikkurs 11. - 12. august

Me får besøk av Torbjørn Nordeide som skal halda teknikkurs for oss den andre helga i august. Det er veldig mange som har meldt sin interesse, men ikkje har kome med formell påmelding. Vennligst gje snarleg tilbakemelding enten per epost eller per telefon 988 74 253 (send gjerne sms).

tirsdag, juli 10, 2007

Padling i ferien

Det vert ingen turleiarar frå padleklubben dei to neste torsdagane 12. og 19. juli. Likevel oppfordrar me medlemmar og andre å møta opp klokka 19 og bruka Gråsidalen som utgangspunkt for padling. Legg gjerne att ei melding i kommentarar i spalta under dersom du tenkjer å møta opp, slik at folk veit at fleire kjem.

Klubbkajakkane er ledige for lån av medlemmane og leige av andre. Malin Sørvik (924 38 538) har nøkkel til naustet i Gråsidalen denne veka (9.-15. juli), medan Alf Helge Møgster (55 08 69 11 / 95 29 19 11) tek hand om nøkkelen i veka etterpå. Som De veit kan medlemmar fritt benytta seg av kajakkane, medan andre kan leiga dei for 200,- døgeret.

fredag, juli 06, 2007

Vasseidet Krossøy rundt



Det var seks padlarar som møtte opp denne flotte torsdagen. Me tok ein liten omveg for å kika på hytta til ein gamal kjenning, før me vende kajakkane mot Krosshamn. Vêret var upåklageleg, nesten for fint, ettersom dei einaste bølgjene me støytte på i løpet av turen kom frå eit breidt utval av Tide sine fartøy. Etter å kome oss inn i ei av dei idylliske vikane på Krossøy - den som har ei rekkje sjarmerande bygningar som ei rame, og slått av nokre ord med ein av sommariburane, sette me årene i sjøen med kurs for Ryarbåsen. Dn kjempefine vika på vestsida av Krossøy er vel verdt turen. Denne dagen var det jamvel ein familie som hadde funne vegen dertil i båten sin. Den lokale faunen viste seg òg i form av ein verifiserbar krabbe. Tidlegare på eskapaden meinte ein av oss å kunna sjå ei enorm kveite under kjølen sin. Me avslutta turen med å padla gjennom sundet mellom Skårøy og Krossøy og strake vegen mot Vasseidet.

onsdag, juli 04, 2007

Møt opp i morgon

Torsdag er det klart for padling i nordleg retning frå Vasseidet. Oppmøte er klokka 19. Me legg i alle høve kursen mot Krossøy og kanskje vestover til Skår eller austover til Sandtorv. Ein god del folk har meldt at dei møter. Dessutan er det kajakklubbens eittårsdag. Det bør markerast med rekordoppmøte! Treng du klunnkajakk? Ring til Trond før klokka 14 i morgon!