mandag, september 28, 2009

Flytebrygga har fått grønt lys

Havstril har no alle dei naudsynte godkjenningane for å leggja ut flytebryggja me får frå Sjøtroll Havbruk på seinhausten. Ho bli lagt rett utanfor utgongen av naustdøra vår på Sveholmen.

mandag, september 21, 2009

Slutt med oppmøte torsdagen

Uorganisert torsdagspadling vart ingen suksess. Denne veka vert det ikkje nokon aktivitet frå Gråsidalen. Hugs likevel at det er mogleg å låna utstyr når de måtte ynskja.

Truleg vert det ein sundagstur i Haukanespollen ein av dei fyrste helgjene i oktober. Ein verkeleg fin tur når trea skrur av, og løva mistar grønskjeret sitt og i staden vert gule og raude i all sin prakt.

fredag, september 18, 2009

Bøssebærarar frå Havstril?

"Austevoll Formannskap er kommunekomite. For å få gjennomført innsamlinga i Austevoll henvend vi oss til lag og organisasjoner og andre frivillige som kan vera med og stille som bøssebærar søndag 18. oktober 2009.
Ber om tilbakemelding om ditt lag/organisasjon/du kan stilla med bøssebærarar og kva område dette gjeld. Offentleg servicekontor vil ordna med bøsser og materiell til innsamlingsdagen."
Viss nokon er interesserte i å gje litt humanitær innsats, ta kontakt med klubbleiar Hagenes på 988 74 253 - helst på sms.

mandag, september 14, 2009

Snart rennande vatn på Sveholmen



No gjenstår det særs lite før me kan setja kajakkane på sjø og padla dei til den nye basen sin på Sveholmen. Austevoll rør har gjort det meste som skal til før me har vatn til å spyla reint kajakkar og anna utstyr med.

Foto: Krane der det snart kjem magisk uv-bestrålt takvatn ut (øvst). UV-filer og pumpe på innsida av klubbhuset (midten). Haustidyll på holmen vår (nedst).

torsdag, september 10, 2009

NY DVD på biblioteket

I løpet av nokre dagar kan Havstril-medlemmar og andre ivrige bibliotekgjengarar låna med seg endå ein god havpadle-DVD frå biblioteket. Havstril har kjøpt inn filmen "Eastern Horizons", som innan kort tid vil verta tilgjengeleg for folk flest.

tirsdag, september 08, 2009

"Uoffisiell" padling frå Gråsidalen

Tom i den gule Boreal Fjell oppmodar medlemmane om å verta eininge om å padla litt saman utanom fastsette padladagar medaktivitetsleiar. Han føreslår torsdagar. Kva med oppmøte ved naustet i Gråsidalen kvar torsdag klokka 18? Kommenter gjerne under.

fredag, september 04, 2009

Heimesida oppdatert

Heimesida er oppdatert, med referat frø førre styremøte, pluss redigering av tekst om nokre av klubbkajakkane.