fredag, februar 27, 2009

Grusveg under arbeid

Denneveka har BOF laga klar grusa veg ned mot gangvegen til Sveholmen. Havstril og uv-jegarane arbeider for tida med å få lagt inn straum og vatn i det nye klubbhuset. Det ser dessutan ut som at Hpk skal få ei flytebryggje frå ei oppdrettsverksemd i kommunen til å nytta rett utanfor huset. Me kjem attende med nyhende om det siste når det er stadfesta.

onsdag, februar 25, 2009

7 000,- i spelemidlar

Hpk er tildelt 7 000 kroner i spelemidlar, basert på fjorårets investeringar i kajakkar, årer og vestar. Me er monaleg nøgde, sjølv om omsøkt sum var noko større (11 000,-).

lørdag, februar 21, 2009

Revisjon av rekneskap

Klubbleiaren lurer på om nokon der ute kjenner til personar som kan tenkjast å kunna stilla opp som revisorar til årsrekneskapen. Ein viss økonomisk skolering er fint, men vedkommande treng slett ikkje å vera autorisert revisor.

Me er òg på jakt etter personmar som kan stilla opp og føra bøkene våre i inneverande sesong. Dette fordi at klubben er i ferd med å veksa seg stor, og at investeringar med klubbhus etc kjem til å gje oss ein del ekstra arbeid også i rekneskapssamanheng.

torsdag, februar 19, 2009

TideRace Xplore S på demo

Den heiloransje kajakken på biletet er no på prøve hos Havstril pk. Båten er på utlån frå Bølgen og meg. Kajakken er lettpadla og passar spesielt for lettare padlarar (gjerne damer), som vil ha ein båt som er rask og har lastekapasitet. Den blå/svarte/oransje båten er nyebåten til ein av styremedlemmane våre.

mandag, februar 09, 2009

Exploreren på sjø

NDK Exploreren vår har vore på sjø. Før sommaren skal han lakkerast, og me må òg ha litt "padding" til cockpiten. men elles ein rett så god båt, spesielt til å padla nokre kilometer i.

søndag, februar 08, 2009

Kult med vinterpadling


Stille på sjøen, kaldt i lufta, utruleg sikt i sjøen. Vinteren kan vera ei utmerkt tid å padla på. Viss du ikkje har tørrdrakt, har klubben som nemt tidlegare fleire drakter du kan låna.

Her er Andreas Møgster på tur ut frå Gråsidalen ein gong i tidleg februar.

fredag, februar 06, 2009

Kontigentane sendt ut

I dag vert kontigentbreva for 2009 sendt ut til eksisterande medlemmar. Fint om De kan betala innan 1. mars, då dette minskar administrasjonsarbeidet.

onsdag, februar 04, 2009

Storfint besøk ved Sveholmen



Austevoll kommune viste fram vår eigen Sveholmen til Stortingets kommunalkomité som vitja Austevoll i går. Dette for å synleggjera at ein satsar på friluftsområde i kommunen. (foto: Marsteinen)